Matakanaøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Matakana Island)
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 37°35′S 176°05′E

Matakanaøya
øy
none
Land Flag of New Zealand.svg New Zealand
Stad Bay of Plenty
Lengd 20 km
Høgd 18 m
Areal 60,7 km²
Folketal 255 (Folketlejninga 2013)
NZ-Matakana I.png
Wikimedia Commons: Matakana Island

Matakana er ei øy som ligg vest i Bay of PlentyNordøyaNew Zealand. Øya er lang og flat, 20 km lang, men knapt meir enn tre kilometer brei. Øya har vore busett kontinuerleg i fleire hundre år av ulike maori-iwiar (stammar) som for det meste har slektskap med Ngāi Te Rangi. Øya er delt i to delar, 20 km² landbruks- og hagebruksland kring den indre hamna, der dei fleste innbyggjarane er busette, og ei skogkledd kyststripe som dekkjer 40 km².

Ved folketeljinga i 2006 var innbyggjartalet 225, og øya er det tynnast busette området i den vestlege delen av Bay of Plenty. Der var ved teljinga berre 84 bustadar i bruk.[1]

Øya gir ly til innløpet til hamna i Tauranga, og strekkjer seg frå Athenree til Mount Maunganui. Ho er for ein stor del dekt av furuskog.

Dei lange, kvite sandstrendene på øya er populære blant surfarar. Dei kjem hit enten ved å ta taxibåt frå Mount Maunganui, eller ved å padla til øya over munningen til Tauranga Harbour, dersom det er vêrtiløve til det.

Stillehavssida til Matakana er hekkeplass for ei stor mengde sjøfuglar, mellom dei den trua arten rustbuklo (Charadrius obscurus).

I 2007 kartla og estimerte fiskeritilsynet (New Zealand Fisheries Management Research Database) at det var 325 piggrokker i estuarfarvatnet mellom Matakana Island og naboøya Rangiwaea Island.

Referansar[endre | endre wikiteksten]