Matebuss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Matebuss mellom London lufthamn, Stansted og London sentrum.

Matebuss er ein buss som går i rute over stutte strekningar, som til dømes mellom ein bussterminal og ein jarnbanestasjon, mellom ein tunnelbanestasjon og eit kjøpesenter, mellom ein jarnbane eller tunnelnestasjon og ein flyplass, mellom ulike terminalar på store flyplassar, osb. I store byar kan ein òg ha matebussar mellom bykjerna og parkeringshus utanfor bykjerna. Matebussar har ofte stutt mellomrom mellom kvar avgang og typisk har dei ikkje haldeplassar mellom endestasjonane.