Matematikktevling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Matematikktevlinger er stort sett individuelle tevlinger eller lagtevlinger i matematikk for elevar og yngre studentar.

Tevlingane er spesielt populære i Aust-Europa og USA, med hendingar som mellom anna Putnam-konkurransen, Tournament of the Towns og USAMO. Deltakarar frå desse landa gjer det òg ofte bra i internasjonale tevlingar, fordi desse landa ofte har større og meir motiverande moglegheiter innan utdeling av stipend til elevar og studentar som har gjort det særskilt bra.

IMO, den internasjonale matematikktevlinga, er ei årleg tevling der oppmot nitti nasjonar deltek. Kvar nasjon kan stilla med opptil seks deltakarar, og difor vert det heldt uttaksprøvar på førehand. I Noreg er uttaksprøven kjent som Abelkonkurransen.

Ei anna norsk matematikktevling er Kapp Abel, ei lagtevling for elevar i 9. klasse.