Matersfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
For fjorden i Masfjorden med liknande namn sjå Matresfjorden.

Matersfjorden eller Matrefjorden er ein fjordarm av Skånevikfjorden i Matre. Han strekkjer seg 8,5 km nordover til Indre Matre.

Innløpet til fjorden ligg mellom neset Skallen aust for Holmedal i nordvest og Krabbanes ved Sunde i søraust. Sør for Krabbanes ligg innløpet til Åkrafjorden. Om lag halvvegs inn i fjorden ligg Ytre Matre på austsida ved Matersdalen. Inst i fjorden ligg Indre Matre og tettstaden Orradalen. Denne delen av fjorden er ein av dei våtaste stadane i Noreg og garden Opstveit har døgnnedbørrekorden for landet. 26. november 1940 vart det målt heile 229,6 mm regn her i løpet av 24 timar. 15. november 2005, under ekstremvêret Kristin, vart det målt 223,0 mm nedbør, det nest høgaste som nokon gong er målt på eit døgn i landet.[1]

Fylkesveg 40 går langs austsida av fjorden.

Sidene i fjorden er bratte og stig 500-700 meter rett til vêrs. Inst i fjorden ligg Ulvanosa på nordvestsida og stig 1155 meter rett til vêrs til Øktaredalsnuten.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Værrekorder - ny rekord igjen!». Meteorologisk Institutt. Henta 28. februar 2008.