Mathias Boye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mathias Andreas Boye)
Hopp til navigering Hopp til søk
Mathias Boye
Mathias Andreas Boye, ca 1870, Hans Maartmann, Oslo Museum, OB.F18775c.jpg
Fødd 9. februar 1796
Kongsberg
Død

18. april 1872
Larvik

Yrke embetsmann, politikar

Mathias Andreas Boye (9. februar 179618. april 1872) var ein norsk skulemann, tollar og stortingsmann frå Kongsberg. Peter Christian Boye var ein eldre bror.

Boye var fødd på Kongsberg, der far hans då var rektor. Sjølv vart han i 1814 student frå Trondhjems skole. 1815-16 budde han i København, frå 1817 var han lærar ved den nyopretta lærde skulen i Drammen, overlærar der frå 1819. Frå 1825 var han konstituert rektor ved katedralskulen i Kristiansand. Han vart lova fast stilling når han hadde teke embetseksamen. Denne tok han aldri, likevel var han rektor i ei rekke av år. År 1849 vart han tollkasserar i Kristiansand, flytta i 1858 over i tilsvarande ombod i Larvik.

Boye møtte på Stortinget 1833 frå 28. mars som 1. varamann frå Kristiansand. Han var då medlem av kyrkjekomiteen. Mange år seinare, i 1857 og på overordentleg storting 1858, representerte han på ny byen på Stortinget. Då var han medlem av Lagtinget og tollkomiteen.

Han døydde i Larvik i 1872.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]