Mathias Rye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mathias Andreas Rye)
Hopp til navigering Hopp til søk
Mathias Rye
Fødd 5. juni 1814
Død

13. september 1878

Mathias Andreas Rye (5. juni 181413. september 1878) var ein norsk sakførar, embetsmann og stortingsmann.

Rye var fødd i København i Danmark, der faren Johan Henrik Rye, då oppheldt seg. Han vart student i 1831, cand. jur. i 1836. Frå 1832 arbeidde han som kopist i finansdepartementet, som fullmektig frå 1841. År 1843 vart han stiftsoverrettsprokurator, tre år seinare høgsterettsadvokat. I 1860 vart han sorenskrivar i Ringerike og byskrivar i Hønefoss. Dette embetet hadde han til han i april 1878 tok avskjed.

Rye var 4. representant for Buskeruds amt på Stortinget 1868-69. På tinget var han medlem av protokollkomiteen.

Rye døydde hausten 1878 i Hønefoss. Olaf Rye var ein onkel, Niels Rye eit syskjenbarn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]