Mathias Blilie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mathias Blilie
Fødd 2. oktober 1854
Yrke politikar

Mathias Larsen Blilie (fødd 2. oktober 1854) var ein norsk gardbrukar, tømmerhandlar og stortingsmann frå Vestre Toten.

Mathias Blilie var son til Lars Blilie. I 1880 tok han over farsgarden i Vestre Toten og dreiv denne. Han var tømmerhandlar og storaksjonær i ymse firma. Blilie var medlem av formannskapet i Vestre Toten i 28 år, ordførar åra 1902-07. Perioden 1908-10 var han ordførar i det nye heradet Eina. Han var også forlikskommissær i mange år, og frå 1900 styremedlem i den lokale sparebanken. Frå 1888 til 1910 var han formann i Toten og Vardals brannforsikringsselskap.

Blilie representerte einmannskrinsen Toten på Stortinget i tida 1906-12. I den første valbolken var han medlem av tollkomiteen, permittert frå tinget 29. april-22. juni. Han var medlem av protokollkomiteen i den andre valbolken, 1910-12, representerte då Frisinna Venstre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]