Mathias Blumenthal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mathias Blumenthal
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1719
Danmark
Død

10. november 1763 (44 år)
Bergen

Yrke kunstmålar
Mathias Blumenthal på Commons
Blumenthals prospekt over Halden i Østfold. Målarstykket er i Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.
Justitia. Måleriet heng i bystyresalen i det som no vert kalla Gamle Rådhus i Bergen, og som i farne tider har vore Rådstuen som hysa administrasjon, rådstuesal, rettssal og arresten i byen. Måleriet er ein allegori med dommarens rettvise avgjerder av rettssaker som tema, og vart laga for dette huset.

Mathias Blumenthal (17191763) var ein kunstmålar og handverkar av tysk-dansk ætt, som saman med kunstnarane Henrich Christian Hosenfelder og Eric Gustaf Tunmarc vert rekna som dei sentrale rokokkomålarane i Noreg. Kvar og når Mathias Blumenthal vart fødd, og kven foreldra var, har vore uklårt. Men ein reknar no med at faren var rittmeister Mathias Blumenthal, òg kalla Matis Blomdal, som kom frå Riga til Gentofte i Danmark, og at Mathias vart fødd der i 1718 eller 1719, og den yngre broren hans, Carl Gustav, i 1721 [1].

Medan Hosenfelder og Tunmarc hadde sitt virke på Austlandet, vart det i Bergen i dei siste fjorten åra av livet sitt at Mathias Blumenthal sette dei viktigaste spora etter seg i den norske kunstsoga. Her utfolda han seg som det han sjølv kalla «Historie- og Portraitskildrer», og tok på seg oppdrag som portrettmålar, dekorasjonsmålar og handverkar, med god nytte av sin rike kunnskap om klassisk mytologi og samtidas bruk av symbol, allegoriar og litterære tankemåtar i målarkunsten. Verksemda hans i Bergen var særs vidtfemnande og gjorde at han vart verdsett og hugsa. Men mykje av måleria, både portrett og dekorasjonar av rom i rikmannshus, og særleg det han gjorde i kyrkjene, er gått tapt på grunn av anten brann eller på grunn av at restaureringsarbeid på 1800-talet ikkje tok turvande omsyn til verka. Av det som er teke vare på, er dei komplette romdekorasjonsmåleria frå bustadhuset til den pengesterke og kredittverdige generalkonsulen og forretningsmannen Fasmer særs viktige; desse måleria vart ein part av kunstsamlaren Rasmus Meyers samlingar og i si tid montert i det såkalla Blumenthalrommet i den bygningen som hyser og vart kalla Rasmus Meyers Samlinger, no ein part av Bergen kunstmuseum attmed Lille Lungegårdsvannet i sentrum av Bergen.

Utdanning og læretid[endre | endre wikiteksten]

Mathias Blumenthal fekk truleg kunstnarisk utdanning ved den akademiske kunstundervisinga som kong Christian VI hadde sett i gang i København, og der hoffmålaren hans, Hinrich Krock hadde laga undervisningsplanen, for Blumenthal har seinare nytta seg av Krocks komposisjonsskjema og jamvel somme av motiva hans. Men Blumenthal har òg hatt andre inspirasjonskjelder i denne byen. Han skal dessutan ha vitja Tyskland, Frankrike og Holland, kan hende òg Italia, før han avslutta læretida si tidleg i 1745. Då hadde han kome attende til Danmark, der han den same våren måla eit prospekt av slottet Sorgenfri og parken ikring[2].

Dei fyrste oppdraga i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I 1745 sende Blumenthal eit tilbod til Kongelige danske Videnskabernes Selskap om å lage nøyaktige teikningar for dei av landskap, stader, kyrkjer og liknande i Noreg. Bakgrunnen for dette tilbodet var den reisa i Noreg som kong Christian VI hadde gjort, og som det no skulle gjevast ut bok om, illustrert med koparstikk med motiv frå landet. Selskapet godtek tilbodet «paa Vilkor at Tegningen var vel giordt og dernest at Hd skaffede attest fra Bekiendte Mænd at tegningen var accurat», og prisen var sett til 16 riksdalar for kvar teikning. Dette resulterte i fleire teikningar frå Østfold, utført i åra 1745 til 1749.

Tida i Bergen[endre | endre wikiteksten]

I 1749 reiste Blumenthal til Bergen etter å ha underskrive ein kontrakt med styresmaktene i byen om å lage ein æres-port i høve kong Frederik Vs planlagde vitjing, som det seinare skulle syne seg ikkje vart noko av, ettersom kongen ikkje kom seg lengre enn til Christiania (Oslo). Men bergensarane skipa til fleire festar likevel for å feire 300-årsjubileum for fyrste- og kongeætta Oldenburg, som kongen høyrde til. I tida etterpå tok Blumenthal på seg ymse oppdrag i byen, som å måle portrett og dekorative veggmåleri i rom i riksfolks bustadhus, der han òg gav tilvisingar på korleis metallbeslag og listverk skulle utformast. Han teikna dessutan somme av illustrasjonane til Erik Pontoppidans Norges Naturlige Historie, som kom ut i 1752.

Mathias Blumenthal og broren Carl Gustav, som hadde vore med Mathias til Bergen, utvikla etter kvart ein mangfaldig næringsverksemd i byen, fyrst i samarbeid, deretter kvar for seg, og båe vart med tida solide og velakta borgarar. Men Mathias Blumenthal fekk ikkje noko langt liv.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Johannesen 2002, side 23
  2. Johannesen 2002, side 32-35

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Johannesen, Ole Rønning. Mathias Blumenthal : Østfoldbyenes skildrer – portrettmaler i Bergen. [Oslo] 2002, Forlaget Bonytt. ISBN 82-7039-056-9