Mathias Brække

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mathias Brække
Fødd 13. august 1873
Ørsta
Død

29. april 1919
Ørsta

Yrke arkitekt
Bjørke kyrkje er teikna av Mathias Brække

Mathias Nicolai Brække (fødd 13. august 1873 i Ørsta, død 29. april 1919 same stad) var ein norsk arkitekt som heldt til i Ålesund. Etter mellomskuleeksamen i Ålesund i 1895 hadde han ymse arbeid. Frå 1899 var han to år hospitant ved Trondhjems tekniske læreanstalt. I 1903 starta han eigen praksis som arkitekt i Ålesund. Ålesund brann 23. januar 1904. Under gjenreisinga var det trong for arkitektar. Det kom fleire utanfrå som arbeidde i byen ei tid. Brække heldt fram med praksisen sin etter at byen var oppattbygd og dei fleste andre arkitektane drog sin veg. I 1908 var han einaste arkitekten med fast praksis i byen. Mathias Brække har teikn minst 27 hus i byen. Fleire av dei er særmerkte jugendhus.

Då han var sjuk av tuberkulose, flytte han attende til Ørsta i 1916.

Mathias Brække laga og arbeidsteikningane til Bjørke kapell. Det var ikkje ferdig før året etter han døydde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gunnar Ellingsen: Ålesund-arkitekten Mathias Brække frå Ørsta i Jul på Sunnmøre 2012