Hopp til innhald

Mathias Dyngeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mathias Lønne Dyngeland (fødd 7. oktober 1995) er ein fotballspelar frå Fana som 20. mai 2023 vart noregsmeister med Sportsklubben Brann. Han er målvakt.

Dyngeland imponerte stort i ein cupkamp mellom Fana IL og SK Brann i 2011. Den då 15 år gamle målvakta viste prov på svært gode reaksjonsevner. Han slo gjennom med Sogndal IL i eliteserien i 2014-sesongen. Etter sesongslutt i 2019 skreiv han kontrakt med det svenske topplaget Elfsborg, men vart sitjande på reservebenken til han i 2021 mellombels vakta målburet til Vålerenga i norsk eliteserie. Sidan 2022 har Dyngeland vore fast målvakt i SK Brann, eit lag som 20. mai 2023 vann 2–0 over Lillestrøm SK i cupfinalen. Året etter kneip SK Brann andreplassen i eliteserien, tre poeng bakom Bodø/Glimt.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Dyngeland var norsk målvakt då Noreg vann med 2 mot 0 over Færøyane den 16. november 2023.