Mathias Engebretsson Øvrom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mathias Engebretsson Øvrom
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. september 1821
Død

13. august 1893 (71 år)

Yrke politikar
Språk norsk

Mathias Engebretsson Øvrom (12. september 182113. august 1893) var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Gjerpen i Telemark.

Øvrom var son til ein husmann i Gjerpen. Etter å ha gått i lære hos soknepresten var han omgangsskulelærar frå 1841 til -46. Deretter gjekk han Asker seminar og var huslærar 1847-48 og så lærar ved den Tordenskjoldske skole i Holmestrand, frå 1851 var han andrelærar i folkeskulen i Porsgrunn. Seinare vart han fyrstelærar og frå 1869 kyrkjesongar i Gjerpen. Same året kjøpte han seg gard på Sem og vart gardbrukar òg.

I si tid i Porsgrunn var han medlem av formannskapet i byen. Øvrom var ordførar i Gjerpen 1869-85, seinare varaordførar. Han var medlem av forlikskommisjonen 1882-90. Øvrom var 4. representant frå Bratsbergs amtStortinget 1871-73, medlem av protokollkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914