Mathias Kjørboe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mathias Kjørboe
Fødd 28. april 1794
Død

29. oktober 1859

Yrke jurist, politikar

Mathias Bille Kjørboe (28. april 179429. oktober 1859) var ein norsk jurist, embetsmann og stortingsmann frå Moss.

Kjørboe var son til ein jurist. Han vart student frå katedralskulen i Kristiansand i 1810 og vart cand.jur. i 1815 i København. Der etter arbeidde han på sorenskrivarkontoret til faren i Østre Robygdelaget til han i 1817 vart underrettsprokurator i Kristiansand. 1821-23 var han konstituert sorenskrivar i Vestre Robygdelaget. Frå 1829 var han assessor i stiftsoverretten i Kristiansand, til han i 1843 fekk jobben som sorenskrivar i Lyngdal. Til sist var han frå 1852 stiftamtmann i Kristiansand og amtmann i Lister og Mandal.

Kjørboe møtte på Stortinget 1827, Omframtstortinget 1828 og Stortinget 1830 som representant frå Kristiansand. Han var i 1827 visesekretær i Stortinget, sekretær i Gasje- og pensjonskomiteen og i Redaksjonskomiteen. Også i 1828 var han visesekretær i Stortinget og elles sekretær i Odelstinget og medlem i komiteen om løyvingar til ministerkassa. I 1830 var han sekretær i Stortinget og Desisjonskomiteen, dessutan medlem i Justiskomiteen og Valkomiteen. Også i 1839 var han sekretær i Stortinget og medlem i Valkomiteen, og vidare formann i Veglovkomiteen og medlem i Protokollkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]