Mathias Skaar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mathias Skaar
Fødd26. oktober 1869
Død14. juli 1944
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar

Mathias Johan Rasofiel Arnesson Skaar (26. oktober 186914. juli 1944) var ein norsk handelsmann og politikar, fødd i SyvdeSunnmøre. Han var ordførar i Røst frå 1929 til 1941. I perioden 1922-24 var han stortingsrepresentant for Nordland der han representerte Høgre.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Skaar var fødd på matrikkelgarden Indre-Skår i Syvde. Då han var 13 år gammal selde foreldra bruket, som mor hans var frå, og flytta med dei fem borna sine til Kårøya i Røst. Her var han i unge år fiskar, og var elles ein tur over til Nord-Amerika. Frå 1897 var Skaar væreigar og handelsmann på Røst. Han var medlem av heradsstyret i dåverande Værøy og Røst kommune frå 1898.

Skaar vart hausten 1921 vald inn på Stortinget for landkrinsane i Nordland. I den treårsperioden han hadde sete på tinget, var han medlem av Næringskomiteen. Saman med sambygdingen Harald Nilsen tok han i 1923 initiativet til eit skriv til fylkesmannen i Nordland som 210 røysteføre røstværingar skreiv under på, med krav om at Røst skulle skiljast ut som eigen kommune. Etter at kommunen var delt sommaren 1928, var Skaar ordførar i Røst frå 1929 til han vart avsett av okkupasjonsmakta i 1941.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Haakon M. Fiskå:Bygdebok for Syvde sokn, 1974.