Matias Matiasson Kleppen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Matias Matiasson Kleppen (14. februar 181528. mars 1880) var ein lensmann og gardbrukar frå Sauherad i Telemark. Han var far til Torgrim M. Kleppen.

Far hans var gardbrukar og lensmann. Sjølv var han og lensmann i Hjartdal frå 1857 til 1878, og han var gardbrukar på farsgarden. Han var medlem av heradsstyret i mange år, ordførar i ti år. Mangeårig valmann og 1842-76 medlem av forlikskommisjonen.

Kleppen var 4. representant frå Bratsbergs amtStortinget i 1848, medlem av gasje- og pensjonskomiteen. Både i 1857 og 1859-60 var han 1. varamann til Stortinget.

Han døydde på garden sin i 1880.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914