Matresfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For fjorden i Kvinnherad med liknande namn sjå Matersfjorden.

Koordinatar: 60°52′2.3340″N 5°31′0.67080″E Matresfjorden er ein fjordarm av Masfjorden i Masfjorden kommune. Fjorden har ei lengd på 7 km og strekkjer seg austover inn til Matre.

Fjorden har innløp mellom Saltneset på sørsida og Lauvvikneset på nordsida. Like nord for Lauvvikneset ligg Soleheimsøya i innløpet til Haugsværsfjorden, den andre fjordarmen til Masfjorden. Litt aust i fjorden stikk Krossneset og dannar Haukevika på nordsida. Rett sør for Krossneset ligg Kjølneset med Lysebugen på vestsida og den djupare Haugsdalsvågen på austsida. I botn av denne vågen ligg bruket Haugsdal.

Litt lenger inn i fjorden ligg Terneset med Tersundet på nordsida. Matreselva munnar ut i fjorden ved Matre og rett utanfor Matre ligg Matresøya.