Matrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Imambayildi, ein tyrkisk matrett med eit namn som tyder 'imamen dåna'.

Matrett eller berre rett,[1] er ein særskild måte å tilreia mat på slik at han klar til å etast eller serverast. Eit måltid kan omfatta ein eller fleire rettar. Ved eit større måltid kan ein til dømes servera forrett, ein eller fleire hovudrettar, eventuelle kvilerettar og dessert.

Ein kan finna framgangsmåtar for å laga ulike matrettar gjennom oppskrifter, som ofte blir samla i kokebøker. Nokre rettar kan ha enkle, skildrande namn som viser til viktige ingrediensar eller tilreiingsmåtar, som pannekaker eller steikt flesk. Andre kan ha namn etter eit visst opphav, til dømes staden dei skal ha kome frå, kokken som skal ha kome på dei eller personen dei blei laga til ære for, som biff à la Lindström eller dronning Maud-fromasj/haugesunddessert.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.