Matrikkelskyld

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Matrikkelskyld skriv seg frå starten av 1500-talet og blei oppretta for å kunne krevje inn skatt frå dei enkelte eigedomane. Kvar enkelt eigedom blei tildelt ei matrikkelskyld, som skulle illustrere eigedomen sin verdi og avkasting. I prinsippet utgjorde matrikkelskylda ca. 1/6 av årleg avkasting på garden. Matrikkelskylda blei derfor ofte sett til huder, kalveskinn, geiteskinn osv, alt etter kva garden produserte. Den kunne også vere sett i tønner med korn eller våger med fisk. Den tildelte skylda blei ført inn i matrikkelen, av dette kjem namnet matrikkelskyld. Matrikkelskylda fungerte også (inntil 1800-talet) som ein slags verditakst ved sal og arveskifte.

Matrikkel og matrikkelskyld blei revidert fleire gonger fram til 1886, då nåverande matrikkelreglar blei innført. Alle eigedomane i landet blei då samla verdsett til 500 000 skyldmark, og kvar skyldmark var inndelt i 100 øre. Ut frå dette blei kvar enkelt eigedom tildelt matrikkelskyld. Kvar kommune blei inndelt i eit tal gardsnummer som igjen blei inndelt i bruksnummer (tidlegare løpenummer). Når ein eigedom blei delt, blei det oppretta eit nytt bruksnummer under det gardsnummeret den blei utskilt frå, og også matrikkelskylda blei delt.

Ved innføringa av Delingslova i 1980 vart matrikkelskylda tatt ut av praktisk bruk for det offentlege. Den vil likevel halde fram å vere til nytte som verdimål for fordeling av inntekter og utgifter mellom gardsbruk, f eks for fordeling av inntekter av utleige av jaktrettar, fiskerettar i felles utmark, vassrettar til kraftverk og fiskeoppdrettsanlegg med vidare.

Historiske verdimål for skyld[endre | endre wikiteksten]

  • - 1838 - Hud og kalveskinn, våger fisk og andre tilsvarande verdimål.
  • 1838 til 1886 - Skylddalar, ort og skilling. (1 skylddaler = 5 ort. 1 ort = 24 skilling).
  • 1886 til 1980 - Skyldmark og øre. ( 1 skyldmark = 100 øre).

Konverteringar[endre | endre wikiteksten]

Følgjande konverteringar må berre sjåast som vegleiande, då det ved kvar matrikkelreform skulle haldast ei sjølvstendig vurdering av den enkelte eigedomen:

  • 1 hud = 4 skylddalar.
  • 1 skylddalar = 2 skyldmark.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]