Mats Sundin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mats Sundin

Mats Sundin 1997.jpg

Statsborgarskap Sverige
Fødd 13. februar 1971
Stockholm
Idrett ishockey
Yrke ishockeyspelar

Mats Johan Sundin (fødd 13. februar 1971) er ein svensk tidlegare ishockeyspelar frå Stockholm. Han vart verdsmeister med Sverige i 1991, 1992 og 1998, samt olympisk meister i 2006. Høgrevengen Sundin spelte på Djurgårdens IF i 1989/90 og vart svensk meister med Stockholms-laget. Der etter var han frå 1990 aktiv i National Hockey League i Nord-Amerika i nitten år fram til han la opp i 2009. Sundin gjorde teneste 1990-94 i Quebec Nordiques, 1994-2008 i Toronto Maple Leafs, før han avslutta med ein sesong i Vancouver Canucks. Gjennom 1346 NHL-kampar sanka han 1349 poeng.

Mats Sundin

Sundin spelte VM-finale for Sverige i 1990, 1991, 1992, 1998 og 2003. Tre av finalane enda med svensk triumf, mot Canada i 1991 og mot Finland i 1992 og 1998. Alle desse åra kom Sundin med på All Star Team, det gjorde han også under Vinter-OL 2002, ei turnering der Sverige enda utanfor medaljeplass. I 2006 vann Sverige og Sundin OL-finalen mot Finland med 3 mål mot 2.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]