Matsumoto i Nagano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Matsumoto
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Japan
Region Chūbu
Prefektur Nagano
Areal 978 770 000 km²
Folketal 239 115 (1. mars 2021)[1]
Kart
Matsumoto i Nagano
36°14′17″N 137°58′19″E / 36.238°N 137.97197222222°E / 36.238; 137.97197222222
Wikimedia Commons: Matsumoto, Nagano

Matsumoto (松本市, Matsumoto-shi) er ein by i Nagano prefektur i Japan.[2] Matsumoto har hatt status som kjerneby sidan 1. april 2021.[3] I 2019 hadde han 239 466 innbyggjarar i 105 207 hushald,[4] og ein foketettleik på 240 personar per km². Det totale arealet til byen er 978,47 km².

Matsumoto ligg sentralt i Nagano prefektur omgjeve av fjell. Byen ligg kring 75 kilometer sør for prefekturhovudstaden Nagano, og 167 kilometer frå sentrale Tokyo. Dei 3000 meter høge Hidafjella ligg vest for byen, medan det 3190 meter høge Hotakadake-fjellet ligg på grensa mellom Matsumoto og Takayama i Gifu som det høgaste punktet innanfor bygrensa.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bygningar nær Matsumoto stasjon
Matsumoto rådhus

Matsumoto ligg i den tidlegare Shinano-provinsen, og var provinshovudstad frå Heiantida av. I Edotida utvikla byen seg kring Matsumotoborga i Matsumoto-doment under Tokugawa-shogunatet. Dagens Matsumoto bykommune blei skipa ved innføringa av kommunesystemet 1. april 1889. Han fekk bystatus 1. mai 1907.

Ifølgje tal frå japanske folketeljingar[5] har folkesetnaden i Matsumoto nyleg blitt stabil etter ein lang periode med vekst.

Befolkningsutvikling
År Bef. ±%
1940 154 182
1950 183 775 +19,2 %
1960 190 076 +3,4 %
1970 203 571 +7,1 %
1980 223 496 +9,8 %
1990 233 756 +4,6 %
2000 243 465 +4,2 %
2010 243 070 −0,2 %
2020 241 145 −0,8 %

Klima[endre | endre wikiteksten]

Vêrdata for Matsumoto (1991–2020-normalar, ekstremar frå 1898 til no, høgd 610 m)
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 18,8 21,1 25,9 30,9 33,6 35,9 37,9 38,5 36,1 31,8 25,6 21,5 38,5
Gjennomsnittleg maks °C 5,1 6,6 11,2 17,9 23,6 26,4 30 31,4 26,2 19,8 13,9 8 18,4
Døgnmiddeltemperatur °C −0,3 0,6 4,6 10,8 16,5 20,2 24,2 25,1 20,4 13,9 7,8 2,5 12,2
Gjennomsnittleg min °C −4,9 −4,5 −1 4,4 10,4 15,4 19,8 20,5 16,2 9,2 2,6 −2,2 7,2
Lågast målte °C −24,8 −20,4 −17,9 −10,1 −2,7 2,3 10,2 8 3 −3,6 −8,4 −19,2 −24,8
Gjennomsnittleg nedbør mm 39,8 38,5 78 81,1 94,5 114,9 131,3 101,6 148 128,3 56,3 32,7 1 045,1
Gjennomsnittleg snø cm 33 22 12 1 0 0 0 0 0 0 0 8 76
Gns. nedbørsdagar (≥ 0.5 mm) 6 6,1 9 9,1 9,1 11,3 13 10,3 10,6 9,2 6,5 6,6 106,9
Gns. snødagar 16,2 13,3 11,1 0 0 0 0 0 0 0,1 2,6 12 55,3
Gns. luftfukt (%) 67 64 62 58 60 69 71 70 74 75 71 69 68
Gns. solskinstimar i månaden 172,5 171,2 190,9 204,8 215,6 166,3 174,8 202,9 151 160,9 163 160,9 2 134,7
Kjelde: Japan Meteorological Agency[6][7]

Kjende folk frå Matsumoto[endre | endre wikiteksten]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «毎月人口異動調査/長野県»; vitjingsdato: 31. mars 2021; originalspråk: japansk.
  2. Nussbaum, Louis-Frédéric. (2005). "Maatsumoto" in Japan Encyclopedia, p. 618; "Chūbu" at p. 126.
  3. Jacobs, A. J. "Japan's Evolving Nested Municipal Hierarchy: The Race for Local Power in the 2000s", Urban Studies Research, (2011); Table 3; henta 20132-2-11.
  4. «松本市ホームぺージ». www.city.matsumoto.nagano.jp. 
  5. «Nagano (Japan): Prefecture, Cities, Towns and Villages – Population Statistics, Charts and Map». www.citypopulation.de. 
  6. 平年値(年・月ごとの値). Japan Meteorological Agency. Henta 6. mars 2010. 
  7. 観測史上1~10位の値(年間を通じての値). Japan Meteorological Agency. Henta 18. november 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Matsumoto i Nagano