Matthew and Son

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Matthew and Son
Singel av Cat Stevens
frå albumet Matthew and Son
B-side

Granny

Utgjeve 30. desember 1966
Innspelt 1966
Sjanger Folkrock, barokk pop
Lengd 2:46
Selskap Deram Records
Låtskrivar(ar) Cat Stevens
Produsent Mike Hurst
Cat Stevens-kronologi 
«I Love My Dog»
(1966)
Matthew and Son «I'm Gonna Get Me a Gun»
(1967)


«Matthew and Son» er ein song skriven og framført av Cat Stevens. Han vart vald ut som tittelsporet for debutalbumet hans i 1967. Stevens var ein nyleg signert tenåringsvisesongar, som opptredde til forseggjorte arrangement ganske ulikt frå skiffle som delvis hadde inspirert han til å byrja å skriva og opptre.

Songen er framleis den mest selde singelen til Cat Stevens på Dei britiske øyane, og nådde andreplassen i Storbritannia og tredjeplassen i Irland tidleg i 1967.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Songen fekk ifølgje Stevens namnet sitt frå skreddaren Henry Matthews, som sydde dressar for Stevens, som fann på historia om arbeidaren som er hovudpersonen i songen.[1]

Stevens kommenterte seinare: «Eg hadde ein kjærast, og ho jobba for dette store firmaet, og eg likte ikkje at ho måtte bruka så mykje av tida si på å jobba. Riffet såg ut til å passa til orda, Matthew og son. Det var litt sosial kommentar der om at folk var slavar for andre menneske.»[2]

Songen vart spelt av bandet The Delgados i ein Peel-sesjon i 2002 og inkludert på samlinga The Complete BBC Peel Sessions.[3]

Verset i songen høyrest ut som Tears For Fears-singelen «Mad World» frå 1982. Yusuf/Cat gjorde ein referanse til dette på ein konsert på 2016-turneen sin medan han spelte «Matthew and Son», med teksten «I think it's kind of funny, I think it's kind of strange, yes I think it's kind of funny, that this sounds the same!».[4]

Echo and the Bunnymen skulle låna melodien til hitten sin frå 1983 «The Cutter».[5]

Cat Stevens refererer òg til «Matthew and Son», inkludert eit lite firetonars riff frå originalsongen, i ein seinare song, «(I Never Wanted) To Be a Star» frå albumet Izitso.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sangen handlar om ei bedrift som heiter Matthew And Son. Arbeidarane der, der nokre av dei har femti års erfaring med verksemda, er lønnsslavar, og fordi alle er for apatiske og/eller for redde til å gjera det, tør ingen av dei å be om lønnspålegg, eller forfremjingar til betre betalt arbeid, trass i ein felles økonomisk vanske. («He's got people who've been working for fifty years | No-one asks for more money 'cause nobody dares | Even though they're pretty low and the rent's in arrears.»). Dei får få pausar i kvardagen, og maten er generelt dårleg. («There's a five-minute break | And that's all you take | For a cup of cold coffee and a piece of cake.»)

Kva slags verksemd Matthew and Son driv med er ikkje spesifisert i teksten. Mest truleg kan ein rekna med at Matthew and Son er eit kontor i byen. («The files in your head, you take them to bed, you're never evar through.»)

I film[endre | endre wikiteksten]

Songen dukkar opp i Michael Apted-filmen Stardust og i Wes Anderson-filmen Rushmore.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1967) Plassering
UK Singles Chart[6] nr. 2

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Matthew And Son by Cat Stevens Songfacts». Songfacts.com. Henta 9. april 2023. 
  2. «CAT STEVENS BOX SET Song-By-Song». Arkivert frå originalen 6. februar 2003. Henta 9. april 2023. 
  3. «THE DELGADOS - THE COMPLETE BBC PEEL SESSIONS - DIGITAL ALBUM (2006)». Henta 10. april 2023. 
  4. «Cat Stevens/Yusuf Islam på Beacon Theatre, 20. september 2016». Thighswideshut.org. 2. september 2016. Henta 9. april 2023. 
  5. «The Lowdown - Echo & the Bunnymen». 1. juli 2017. 
  6. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 529. ISBN 1-904994-10-5.