Matthias Numsen Blytt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Matthias Numsen Blytt

Fødd26. april 1789
Overhalla
Død26. juni 1862
Christiania
NasjonalitetNoreg
Områdebotanikk
Yrkebotanikar, oppdagar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
EktefelleAmbrosia Blytt
BarnAxel Blytt
MedlemKungliga Vetenskapsakademien
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina

Matthias Numsen Blytt (fødd 26. april 1789 i Overhalla, død 26. juni 1862 i Kristiania) var ein norsk botanikar. Sonen Axel var òg ein viktig botanikar.

Blytt studerte først jus, men gjekk i 30-årsalderen over til botanikk og vart i 1837 professor i botanikk ved Universitetet i Oslo. Målet til Matthias Blytt var å gje ei oversikt over plantene si geografiske fordeling og han gjorde ei mengd årvisse reiser i Noreg sommarstid der han undersøkte floraen i dei fleste delane av landet. Eit unntak var i åra 1829–32, då han studerte utanlands takk vere offentlege stipend. Han kom då i kontakt med mange leiande botanikarar i Storbritannia og på kontinentet, og samla inn mange planter, spesielt i Alpane og Pyreneane. Utover i 1840-åra reiste han mindre; helsa skranta og han fekk aukande administrative plikter som professor i botanikk frå 1837 og einebestyrar av Botanisk hage.

Resultata av studia publiserte Blytt i ei rad avhandlingar som han til slutt samla i Norges Flora. Første band kom i 1861, mens sonen Axel fullførte verket med band 2 (1874) og band 3 (1876).

Etter at Blytt døydde gjekk den store private botaniske samlinga hans inn i Universitetsherbariet, som med det fekk eit mykje større vitskapeleg verde enn før. Det norske botaniske fagtidsskriftet Blyttia (grunnlagt 1943) er kalla opp etter far og son Blytt. Grasslekta Blyttia og moseslekta Hypoblyttia blei oppkalla etter Mathias Blytt.

Henrik Wergeland, som var ein interessert amatørbotanikar, gjekk på Blytt sine førelesningar. Dei to vart gode vener og Wergeland tileigna to dikt til Blytt: Godmorgen (til en botanisk venn) og Til Sylvan (En Botaniker) – der Sylvan er eit pseudonym for «M. Blytt, Lector Botanicæ».[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]