Matti Hautamäki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Matti Hautamäki
Hautamäki Matti FIN IMG 9247.JPG
Fødd 14. juli 1981
Uleåborg
Yrke skihoppar
Matti Hautamäki på Commons
Matti Hautamäki i 2011

Matti Antero Hautamäki (fødd 14. juli 1981) er ein finsk tidlegare skihoppar frå Uleåborg. Han vann ei rad medaljar, 13 i alt, i ulike internasjonale meisterskap mellom 2001 og 2010. Frå verdsmeistrakapar og olympiadar fekk han med seg to individuelle sølvmedaljar og to bronsemedaljar. Dessutan var han med på å verte verdsmeister i laghopp for Finland i 2003, og vann elles seks sølvmedaljar og to bronsemedaljar med ulike finske hopplag, flest medaljar saman med Janne Ahonen. Både i 2002 og i 2005 kom Hautamäki på tredjeplass i verdscupen i skihopping. Han sigra i 16 enkeltrenn i verdscupen. Også den to år eldre broren Jussi Hautamäki tevla internasjonalt i skihopping.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Matti Hautamäki vann i 2001 den fyrste av i alt ni internasjonale medaljar i laghopp for Finland. På finsk heimegrunn i Lahti fekk han VM-sølv saman med Risto Jussilainen, Ville Kantee og Janne Ahonen, to små poeng bakom verdsmeisterlaget frå Austerrike. Sesongen 2001/02 kom Hautamäki på andreplass i den tysk-austerrikske hoppveka. Same sesongen kom han på bronseplassen både i storbakken under vinter-OL og i VM i skiflyging.

I 2003 vann Hautamäki sølvmedaljen i storbakken under ski-VM i Val di Fiemme, der han også vart verdsmeister i laghopping. Mot slutten av same sesongen forbetra han verdsrekorden for lengste ståande skihopp tre gongar, siste gongen til 231 meter. Denne rekorden, som vart sett i Planica, var gjeldande verdsrekord til mars 2005, då Bjørn Einar Romøren forbetra rekorden til 239 meter i den same skiflygingsbakken.

Hautamäki vann den fjerde og siste individuelle hoppmedaljen under vinter-OL 2006, eitt poeng bak gullvinnaren Lars Bystøl frå Voss. Fire år seinare vann Hautamäki sin niande og siste lagmedalje med Finlands firemannslag under VM i skiflyging i Planica.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Medaljar i laghopp i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Verdscupsigrar[endre | endre wikiteksten]

Nr. Dato Stad Land
1. 2. desember 2000 Kuusamo Finland
2. 19. januar 2002 Zakopane Polen
3. 13. mars 2002 Falun Sverige
4. 15. mars 2002 Trondheim Noreg
5. 22. mars 2003 Planica Slovenia
6. 23. mars 2003 Planica Slovenia
7. 28. november 2003 Kuusamo Finland
8. 23. januar 2004 Hakuba Japan
9. 11. februar 2005 Pragelato Italia
10. 6. mars 2005 Lahti Finland
11. 8. mars 2005 Kuopio Finland
12. 11. mars 2005 Lillehammer Noreg
13. 13. mars 2005 Oslo Noreg
14. 19. mars 2005 Planica Slovenia
15. 28. januar 2006 Zakopane Polen
16. 29. januar 2006 Zakopane Polen

Hautamäki la opp som skihoppar i 2012.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]