Matti Järvinen
| Matti Järvinen | |
| Statsborgarskap | Finland |
| Fødd | 18. februar 1909 Tammerfors |
| Død | 22. juli 1985 (76 år) Helsingfors |
| Idrett | friidrett |
| Tok del i | Sommar-OL 1936, Sommar-OL 1932 |
| Utmerkingar | kommandør av første klasse av Finlands løves orden, Frihetskorsets 3. klasse, Frihetskorsets 4. klasse, Finnish Olympic Cross of Merit, Second Class, Cross of Merit, in gold, of the Finnish Sports |
Matti Henrikki Järvinen (18. februar 1909–22. juli 1985) var ein finsk spjutkastar frå Tampere. Han vart olympisk meister i øvinga 1932, europameister 1934 og 1938, og forbetra verdsrekorden ti gongar i tida 1930-36.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Matti Järvinen var son til Verner Järvinen, den olympiske meisteren i diskoskasting under mellomleikane 1906. Sommaren 1930 vart Matti Järvinen andremann til å kaste spjutet over 70 meter. I løpet av fem veker i august og september 1930 forbetra han verdsrekorden fire gongar, sist til 72,93 meter i Viipuri, Sommaren 1932 flytta han rekorden til 74,02 meter i Turku, reiste så over til Los Angeles der han vann den olympiske gullmedaljen med eit kast som mælte 72,71 m. 1933-sesongen flytta Järvinen verdsrekorden tre gongar, sist til 76,10 meter i Helsinki. Under europameisterskapen 1934 i Torino, den fyrste i sitt slag, vann han gullmedaljen med rekordkastet 76,66 meter. 18. juli 1936 presterte Järvinen i Helsinki sitt livs beste spjutkast, verdsrekorden på 77,23 meter stod seg i to år til landsmannen Yrjö Nikkanen kasta lengre. Knapt tre veker etter rekordkastet i Helsinki enda Järvinen på femteplass i øvinga ved dei olympiske leikane i Berlin med sine 69,18 m. Under EM i friidrett 1938 vann Järvinen derimot gull framom Nikkanen.
Järvinen vann åtte finske meisterskap. Han representerte Finland i 15 landskampar. I 1939/40 deltok han i Vinterkrigen som instruktør i kasting av handgranatar. Under framhaldskrigen var Matti Järvinen med i ei gruppe, leia av Urho Kekkonen, som i august 1942 deltok i dei internasjonale friidrettstevlingane på Olympiastadion i Berlin som representant for aksemaktene.
Etter andre verdskrigen arbeidde Järvinen som rådgjevar i økonomi.
Framom hovudinngangen til Pori stadion står ein statue av Matti Järvinen forma av bilethoggaren Kalervo Kallio. Statuen frå 1966 viser gullmedaljekastet hans ved Sommar-OL i Los Angeles.

Verdsrekordar
[endre | endre wikiteksten]| Lengde | Dato | Stad |
|---|---|---|
| 71,57 | 8. august 1930 | Viipuri |
| 71,70 | 17. august 1930 | Tampere |
| 71,88 | 31. august 1930 | Vaasa |
| 72,93 | 14. september 1930 | Viipuri |
| 74,02 | 27. juni 1932 | Turku |
| 74,28 | 25. mai 1933 | Mikkeli |
| 74,61 | 7. juni 1933 | Vaasa |
| 76,10 | 15. juni 1933 | Helsinki |
| 76,66 | 7. september 1934 | Torino |
| 77,23 | 18. juni 1936 | Helsinki |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Matti Järvinen (keihäänheittäjä)» frå Wikipedia på finsk, den 7. juni 2024.
- Einskildmenn
- Fødde i 1909
- Døde i 1985
- Finske friidrettsutøvarar
- Europameistrar i friidrett for Finland
- Olympiske meistrar for Finland
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1932
- Finske deltakarar under sommar-OL 1932
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1932
- Finske deltakarar under sommar-OL 1936
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1936
- Folk frå Tammerfors