Matti Rönkä

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Matti Rönkä
Matti Rönkä.jpg
Fødd 9. september 1959
Outokumpu
Yrke journalist, forfattar, skribent
Matti Rönkä på Commons

Matti Rönkä (fødd 9. september 1959) er ein finsk forfattar og nyhendesjef i den finske Yleisradion TV1.

Rönkä er fødd i Karelen i Finland. Han har skrive tre kriminalromanar. Med romanen Ystävät kaukana (ikkje omsett til norsk, tittelen betyr Langt frå vener) vann han Glassnøkkelen 2007 for beste nordiske kriminalroman. Boka vann også Vuoden johtolanka-prisen i 2006 for den beste finske kriminalromanen.

Den faste etterforskaren til Rönkä er Viktor Kärppä, ein av dei russiskfødde etterkomarane av finnar som under president Mauno Koivisto fekk finsk statsborgarskap. Kärppä er ein ufrivillig privatdetektiv, ein bygningsentrepenør og «fiksar» frå Helsingfors, som på grunn av bakgrunnen sin, som innvandrar austfrå og tidlegare spesialsoldat i den russiske armeen, kjem i kontakt med austblokk-kriminalitet.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Tappajan näköinen mies – kriminalroman (2002)
  • Hyvä veli, paha veli – kriminalroman (2003)
  • Ystävät kaukana – kriminalroman (2005)
  • Mies rajan takaa – 2007 (samling av dei tre første romanane)
  • Isä, poika ja paha henki – 2008
  • Tuliaiset Moskovasta – 2009
  • Väärän maan vainaja – 2011
  • Levanten kyy – 2013