Mattias

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Seglet til den svenske stormannen Mattias Kettilmundsson.

Mathias, Mattias, Matias eller Matthias er mannsnamn med hebraisk og gresk opphav, brukt i Bibelen og utbreidd blant kristne.

Mattias har namnedag den 24. februar i Noreg og Sverige, og Matthias har dansk namnedag same dagen.

Opphav og variantar[endre | endre wikiteksten]

Den grekse forma av namnet er Matthaios.

Mattias har utspring frå gresk Μαθθαιος (Matthaios), ei omsetjing av det hebraiske namnet מתי (Mattai, Mati), som igjen er kort for מתתיהו (Mattitjahu) eller מתתיה (Mattitja). Tydinga av namna er 'Guds gåve'.

Namnet har fleire nordiske variantar, som Mads, Mats og Mattis. Det finst likande variantar på andre europeisk språk, som spansk Matías, italiensk Mattia, kroatisk og slovensk Matija, latvisk Matiass, litvauisk Motiejus og ungarsk Mátyás. Latinsk Matteus, fransk Mathieu og engelsk Matthew har same opphavet.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Mattias er eit vanleg namn i Sverige og Mathias i Danmark. I Noreg er skrivemåten Mathias brukt med 8 343 berarar, mot 368 av Mattias og 212 av Matthias (2010). Varianten Matias er vanleg i Finland og er også utbreidd i Chile. Matthias er vanleg i Tyskland, der det blei mykje brukt i tidsrommet rundt 1950–1990. Variantane Matija, Mátyás og Matyáš er vanlege i høvesvis Slovenia, Ungarn og Tsjekkia.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Apostelen Mattias. Gravering frå 1400-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Apg 1,26. Bibelen. «Dei kasta lodd, og loddet fall på Mattias. Sidan vart han rekna som apostel saman med dei elleve.»