Mattias Soggemoen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mattias Soggemoen lengst til høgre, saman med Carl Hall (til venstre) og Erik Norahagen
Soggemoen ved Maradalstindane i Jotunheimen

Mattias Jonsson Soggemoen (5. oktober 18471929) var ein norsk arbeidsmann og fjellklatrar frå dåverande Grytten herad i Romsdal.

Soggemoen var eldste son til ein plassemann under garden Sogge i dagens Rauma kommune. Sjølv busette han seg på Veblungsnes, den sentrale handelsstaden i heradet. Han fekk ry som ein habil fjellklivar, mellom anna etter å ha klatra til topps på Romsdalshornet i 1881. Åra 1883 til 1886 var han hyra inn av den danske fjellklatraren Carl Hall og assisterte denne på fleire fyrstebestigingar av fjelltoppar i Jotunheimen, til dømes Store Styggedalstind 7. august 1885. I 1888 fylgde han Hall til Nordland då dei prøvde å kome til topps på Stetinden i Tysfjord.

Soggemoen vart nemnd «løsarbeider» ved folketeljingane 1900 og 1910. Han var ei tid med å arbeide på jarnbanestrekninga Raumabana. Etter 1. verdskrigen utvandra han og kona til born i USA. I 1929 vart han gravlagd i byen Bend i Deschutes County i delstaten Oregon som Mathias Moen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mathias Moen (1849-1929) - Find A Grave Memorial», www.findagrave.com (på engelsk), henta 21. juli 2020