Mattis Mathiesen
Mattis Mathiesen | |
![]() | |
Fødd | 30. juni 1924 Ålesund |
Død |
9. oktober 2010 (86 år) |
Yrke | filmregissør, filmfotograf, fotograf, filmprodusent |
Mattis Mathiesen på Commons |
Mattis Leonid Rakov Aleksewitch Mathiesen (30. juni 1924–9. oktober 2010) var ein norsk fotograf og filmprodusent frå Ålesund, busett i Bærum i Akershus.
17 år gammal flykta Mathiesen frå heimbyen til Storbritannia med ei fiskeskøyte. Etter utdanning ved ein militær filmskule gjorde han under resten av andre verdenskrigen teneste som krigsfotograf i den norske marinen.
Saman med Knut Andersen og Knut Bohwim starta han i 1962 selskapet Teamfilm, som produserte mange av Olsenbanden-filmane. Han fotograferte mellom anna filmane Elskere' og Vildanden, begge frå 1963. Han var produsent for Viva Villaveien! (1989) og filmutgåva av Fredrikssons fabrikk (1994).
Mathiesen vart tildelt Aamot-statuetten i 1970.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Mattis Mathiesen» frå Wikipedia på bokmål, den 6. juli 2018.