Maude i Ørsta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Maude er ein gard i Norangsfjorden i Hjørundfjorden, gardsnummer 124 i Ørsta kommune. Før kommunesamanslåinga 1. januar 1964 var den gardsnummer 14 i Hjørundfjord.

Garden ligg ved Rv 655 mellom Urke og Øye, om lag 2 km frå Urke, og har blitt rekna som ein del av Urke-bygda. Det kom køyreveg frå Urke til Maude i 1939, og i 1946 var det køyrande vidare til Øye.

Garden hadde eitt bruk til 1888, då vart den delt i to like store bruk. Mellom ca 1840 og ca 1910 var her også ein husmannsplass.

Garden ligg under bratte fjell nede ved fjorden, der det er eit slakkare terreng. Garden hadde ikkje seter. Levebrødet var allsidig gardsdrift og fiske på fjorden.

Oluf Rygh i Norske Gaardnavne hallar til at namnet kan kome av Modvin.[1] Garden er nemnd i skriftlege kjelder i 1590. Denne gamle namneforma og den høge skylda i 1626 (1 våg) gjer Maude til ein sikker mellomaldergard, truleg langt eldre. Her er ikkje gjort fornfunn.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lars Strømme og Ragnar Standal: Hjørundfjordboka Band III Gard og ætt, Ørsta 1988 ISBN 82-991200-2-0, side 206–215

Referansar[endre | endre wikiteksten]