Maudheimmedaljen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Maudheimmedaljen vart stifta av Kong Haakon VII den 14. november 1951 til minne om «Den norsk-britisk-svenske vitenskaplige ekspedisjon til Antarktis 1949-1952». Medaljen er den same som Kongens Fortjenstmedalje, men han har ei sølvspenne over bandet som er merka «MAUDHEIM 1949-1952». Medaljen vart delt ut til deltakarane på denne ekspedisjonen.