Mauken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mauken
fjell
Land  Noreg
Fylke Troms
Kart
Mauken
69°04′15″N 18°51′21″E / 69.07088°N 18.85579°E / 69.07088; 18.85579

Mauken (dessutan kalla Møken) er eit fjell i Målselv kommune i Troms. Det er 1249 meter høgt, og har ein «mauktipp» som er nesten like høg.

I juni 1941 styrta eit tysk Junkers Ju 88-fly 50 meter nedanfor toppen. Det var elendige flytilhøve, og flygarane såg ikkje fjellet før det var 30 meter unna. Flyet vart totalvrak og mannskapet på tre omkom. Eit par lokale personar fann ein pistol ved flyvraket. Dei vart oppdaga og sende til konsentrasjonsleir i Tyskland.

I 2005 diskuterte investorar om dei skulle bygge Blåfjell-anlegget ved Mauken eller på Myrefjellet, der sistnemnde vart vedteke.