Mauni amavasya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mauni amavasya er ei hinduhøgtid som fell ved nymånen som avsluttar månaden magha (typisk januar-februar i den vestlege kalenderen). Dagen er rekna som eit høgdepunkt innan denne heilage månaden, og eit godt høve til å dyrka dei tre gudane i Trimurtien og å bada i Prayag, møtepunktet for tre heilage elver. Høgtida kan markerast med faste, ritual og lovnader om stille.

Mauni amavasya blir særleg rekna som viktig om ho fell på ein mandag, og markeringa er alltid større om det er kumbh mela det året.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Ordet «mauni» kjem eigentleg frå muni, heilagmann, men minner om maun(a), 'stille'. Både heilagmenn som lever som asketar og kortare eller lengre periodar der ein ikkje snakkar er viktige for denne høgtida. Amavasya viser til den dagen i ein månad då ein ser nymånen.

Høgtida er kjend som Chollangi amavasya i Andhra Pradesh og som Darsj amavasya andre stader i India.

Bading under mauni amavasya[endre | endre wikiteksten]

Under mauni amavsya badar ein gjerne i den heilage elva Ganga (Ganges). Den viktigaste staden for å ta eit heilag bad denne dagen er ved Prayag i Allahabad, der Ganga og Jamuna (og den mytologiske elva Sarasvati) flyt saman. Under badinga skal ein tia stille.

Under den største kumbh mela-samlinga kan heile 30 millionar menneske bada i Prayag.

Andre ritual[endre | endre wikiteksten]

Denne dagen kan ein tilbe dei tre gudane i Trimurtien, Brahma, Visjnu og Sjiva.

Ein kan også utføra ritual heime, til dømes ved å få ein prest til å utføra homa (brennoffer) og podja, eller gå rundt eit pipaltre, som symboliserer Visjnu eller avataren hans, Krisjna. Under rituala er ein igjen gjerne stille, og kan først snakka igjen etter fullføringa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]