Mauranger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Mauranger er ei bygd i Kvinnherad kommune i Hordaland. Ho omfattar mellom andre matrikkelgardane Fureberg, Tveitnes, Kroka, Bondhus og Sunndal, samt grendene i Austrepollen, Nordrepollen og Gjetingsdalen. Om lag 250 menneske bur i Mauranger.

Bygda ligg langs sørsida og austsida av Maurangsfjorden. Landskapet er prega av nærleiken til Folgefonna, med fleire korte dalar og stupbratte fjellsider.

Turisme, jordbruk, fiskeoppdrett og kraftproduksjon er sentrale næringsvegar i Mauranger.

Tunnel frå Odda under Folgefonna gjer at Mauranger har samband austover. Frå 2012 går den 10,4 km lange Jondalstunnelen frå Nordrepollen til nabokommunen Jondal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 60°8′4″N 6°16′1″E