Maureen Tucker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maureen Tucker

Moe Tucker kring 1966
Fødd26. august 1944 (79 år)
FødestadJackson Heights i Queens i New York City i USA
FødenamnMaureen Ann Tucker
AliasMoe Tucker
OpphavUSA
Aktiv1963 til kring 2007; 2017
Sjanger
Instrument
  • Trommer
  • perkusjon
  • gitar
  • vokal
  • bass
Tilknytte artistar
Verka somTrommeslagar, musikar, songar-låtskrivar, songar
Gift medSteve Mikulka
BornKerry Mikulka, Keith Mikulka, Austen Mikulka, Kate Mikulka, Richard Mikulka

Maureen Ann «Moe» Tucker (fødd 26. august 1944)[1] er ein USA-amerikansk musikar og songar som var trommeslagaren for det New York City-baserte rockebandet The Velvet Underground.

Tucker hadde ein uvanleg spelestil og stod ofte oppreist og spelte trommer i staden for å sitje,[2] og brukte eit forenkla trommesett med tam-tam-ar, ei skarpetromme og ei oppovervendt basstromme, og spelte med klubber i staden for trommestikker.[1] Ho brukte sjeldan cymbalar.[2] Rockekritikaren Robert Christgau sa om Tucker, «Mo var ein flott trommeslagar på ein minimalistisk, avgrensa og autodidakt måte som eg trur endra musikkhistoria. Ho er der punkmåten å spele trommer på byrja.»[3]

Utanom å spele trommer song Tucker solovokal på tre Velvet Underground-songar: «After Hours» og «The Murder Mystery» på The Velvet Underground i 1969 og «I'm Sticking with You», som vart spelt inn i 1969, men som først kom ut i 1985 på VU. Tucker slutta i gruppa ei stund då ho vart gravid med det første barnet sitt, Kerry «Trucker» Tucker, tidleg i 1970. Ho spelte berre sporadisk etter at Velvet Underground gav seg, men vart meir aktiv i 1990-åra då ho mellom anna gav ut soloalbum.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Solo[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Konsertalbum[endre | endre wikiteksten]

Samlealbum[endre | endre wikiteksten]

EP-ar[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Med The Velvet Underground[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Konsertalbum[endre | endre wikiteksten]

Samlealbum[endre | endre wikiteksten]

Med andre[endre | endre wikiteksten]

Med Charles Douglas (a.k.a. Alex McAulay)

Med The Kropotkins

Med Lou Reed

Med Half Japanese

Med Charlie Pickett

  • Route 33 (1986)

Med Shotgun Rationale

  • Who Do They Think They Are? (1992)
  • Roller Coaster (1993)

Med Bloodkin

  • «Out of State Plates» (1999)

Med Magnet

  • «Don't be a Penguin» (1997)

Med John Cale

Med The Raveonettes

  • Pretty in Black (2005)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Moe Tucker Biography, Songs, & Albums». AllMusic. Henta 22. mars 2022. 
  2. 2,0 2,1 Gonson, Claudia (1997), «Moe Tucker Interview», DrummerGirl.com 
  3. Tom Barber (director) (2009). The Velvet Underground: Under Review. Robert Christgau. UK. 
  4. «I Feel So Far Away: Anthology 1974-1998 - Moe Tucker | Songs, Reviews, Credits | AllMusic». AllMusic. Henta 11. oktober 2016.