Maurfølgjarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Maurfølgjar)
Brunflankemaurvaktar finn det meste av føda si ved å følgje vandremaursvermar.

Maurfølgjarar er fuglar som beitar ved å følgje svermar av vandremaurar og tar byttedyr skremt opp av maurar.[1] Slike kolonnar av vandremaurar over skogbotnen kan vere så breie som 10 meter eller meir.[2] Dei mest kjende maurfølgjarar er 18 artar av maurfuglar i familien Thamnophilidae, men òg artar frå andre fuglefamiliar kan følgje maurar, inkludert traster, skvettar, maurtanagarar, gaukar og treløparar.

Maurfølgjarar kan delast inn i kategoriar: ein kategori er dei som hentar det meste av føda ved å følgje maursvermar - avhengige maurfølgjarar, den andre kategorien er dei som opptrer opportunistisk ved å ta berre noko av føda si med denne åtferda. Nokre artar kan veksle mellom intensiv beiting på maursvermar og regelbunden fôring frå andre kjelder. Det er mange tropiske maurartar som dannar store vandresvermar, men svermane er ofte nattlege eller under bakken. Maurarten som oftast trekker til seg fuglar er den neotropiske arten Eciton burchellii,[1] ein maur som både er dagaktiv og svermar over bakken.

Ein trudde ein gong at maurfølgjarane faktisk åt av sjølve maursvermen, men ei rekkje studiar i ulike delar av utbreiingsområdet for E. burchellii har vist at maurane fungere som vispar, dei skremmer insekt, andre leddyr og små virveldyr mot dei ventande flokkane av maurfølgjarar.

Fordi E. burchellii er den einaste vanlege dagaktive vandremauren, finn ein oftast dei spesialiserte og vanlege maurfølgjarane innanfor neotropisk område, men fuglar i tropisk Afrika følgjer maurar i slekta Dorylus.[3]

Tidlegare var det framlegg om at samspelet mellom spesialiserte, vanlege maurfølgjarar og vandremaurar, særleg Eciton burchellii, var til gjensidig nytte, ved at maurar fekk føremon av fuglar når bytte blir skremt tilbake ned mot maurane. Men eksperiment der maurfølgjarar vart ekskludert har vist at beitesuksess for vandremaurar var 30 % lågare når fuglane var tilstades. Det tyder på at fuglane faktisk er parasittiske.[4] Maurar har utvikla åtferd for å redusere parasittismen, medrekna å dekkje til sikra byttedyr under nedfallslauv og mellomlagring av mat.

Trass lettare tilgjenge på byttedyr, utset maurfølgjarar seg for risiko, som at fuglane kan bli drepne av maurar.[5] Svermar av vandremaur kan òg få merksemd frå haukar som kan vere trugsmål mot maurfølgjarane.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Willis, E. & Y. Oniki (1978) Birds and Army Ants Annual Review of Ecology and Systematics 9: 243–263
  2. 2,0 2,1 Encyclopædia Britannica, Passeriform
  3. Marcell K. Peters, Smith Likare, Manfred Kraemer (2008) Effects of habitat fragmentation and degradation on flocks of African ant-following birds. Ecological Applications 18(4): 847-858.
  4. Wrege, P.H.; Wikelski, M.; Mandel, J.T.; Rassweiler, T. & I.D. Couzin (2005) Antbirds parasitize foraging army ants. Ecology 86 (3): 555–559
  5. [1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]