Maurice Greene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Maurice Greene
Maurice Greene, Sydney2000.jpg
Maurice Greene under OL 2000 i Sydney
Fødd 23. juli 1974
Kansas City i Kansas
Yrke sprinter, friidrettsutøvar
Maurice Greene på Commons

Maurice Greene (fødd 23. juli 1974) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Kansas City i Kansas. Han vann i tida 1997-2001 to OL-gull og seks VM-gull i sprintøvingane 100 meter, 200 meter og 4 x 100 m stafett. Heile 53 gongar sprang han 100 meter på under 10 sekundar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Greenes fyrste internasjonale meisterskap var VM 1995 i Göteborg, der han vart slått ut allereie i kvartfinalen på 100 m. Han lukkast ikkje å kome med i troppa til Sommar-OL 1996. Derimot hadde han stor framgang i 1997, han sprang for fyrste gong under 10 sekundar på 100 meter og han vart verdsmeister på 100 meter under VM i Aten.

Vinteren 1998 sette Greene verdsrekord på 60 meter innandørs med tida 6,39 sekundar. Den 16. juni 1999 slo han også Donovan Bailey sin verdsrekord på 100 meter då han fekk notert 9,79 sekundar. Verdsrekorden stod til Asafa Powell frå Jamaica i 2005 sprang på 9,77 sekundar. Under verdsmeisterskapen 1999 i Sevilla vann Greene gullet både på 100 meter og 200 meter.

Også frå dei olympiske sommarleikane 2000 i Sydney reiste Greene heim med to gullmedaljar. Fyrst vann han 100-meteren og deretter sprang han USA inn til siger i 4 x 100 meter stafett. Året etter tangerte han Carl Lewis sin prestasjon då han under friidretts-VM 2001 i Edmonton vann sitt tredje rake VM-gull på 100 meter.

Etter 2001 sleit Greene tidvis med skadar, og i VM 2003 i Paris rauk han ut or 100-meter-tevlinga i semifinalane. Han vann likevel bronsen på 100 meter under Sommar-OL 2004 i Aten, slått av Justin Gatlin og Francis Obikwelu, og han sprang den tredje etappen for USA sitt sølvlag i 4 x 100 meter, slått med ein hundredels sekund av Storbritannia sitt mannskap. Han konkurrerte lite etter ein skade i 2005.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 1997 i Aten: Gullmedalje på 100 m – 9,86, framom Donovan Bailey (9,91)
  • VM 1999 i Sevilla: Gullmedaljar på 100 m – 9,80, framom Bruny Surin (9,84), og på 200 m – 19,90, framom Caludinei da Silva (20,00), og med USA i 4 x 100 m stafett (37,59)
  • OL 2000 i Sydney: Gullmedalje på 100 m – 9,87, framom Ato Boldon (9,99)
  • VM 2001 i Edmonton: Gullmedaljar på 100 m – 9,82, framom Bernard Williams (9,94), og i 4 x 100 m stafett (37,61)
  • VM i 2003 i Paris: Utslått i semifinalane på 100 m (10,37 =nr 13)
  • OL 2004 i Aten: Bronse på 100 m – 9,87. Sølv på 4 x 100 m stafett (38,08)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]