Maurice Norman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Maurice Norman

Maurice Norman (1964).jpg

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 8. mai 1934 (88 år)
Mulbarton
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1962, VM i fotball 1958

Maurice Norman (fødd 8. mai 1934) er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå landsbyen Mulbarton i Norfolk. Han var midtstoppar på Tottenham-laget som sanka fleire triumfar tidleg i 1960-åra.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Norman var 1952-55 Norwich City. I november 1955 vart han overført til Tottenham Hotspur mot £28 000. Dei neste ti åra spelte han for London-laget på White Hart Lane. Han var ein av nøkkelspelarane i sjefstrenar Bill Nicholson sitt mannskap som i 1961 vart både ligameister og cupmeister, i 1962 forsvarte triumfen i FA-cupen og i 1963 sigra i den europeiske cupvinnarcupen.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Norman fekk sin landslagsdebut i mai 1962 og spelte den neste månaden alle England sine kampar under Fotball-VM 1962 i Chile. Fram til desember 1964 deltok han i til saman 23 landskampar, utan å kome på skåringslista.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Ligameister: 1961 med Tottenham
  • Vinnar av FA-cupen: 1961 og 1962 med Tottenham
  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1963 med Tottenham

Han la opp etter ein alvorleg skade frå ein kamp i november 1965.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]