Maurice René Fréchet
Maurice René Fréchet | |||
| |||
Fødd | René Maurice Fréchet 2. september 1878 Maligny | ||
---|---|---|---|
Død | 4. juni 1973 14. arrondissement | ||
Nasjonalitet | Frankrike | ||
Område | matematisk analyse, funksjonalanalyse, sannsynsrekning, matematikk | ||
Yrke | matematikar, esperantist, statistikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Université de Poitiers Universität Straßburg École normale supérieure École pratique des Hautes Études université de Provence Aix-Marseille I | ||
Alma mater | École normale supérieure Lycée Buffon | ||
Doktorgradsrettleiar | Jacques Hadamard | ||
Medlem | Det franske vitskapsakademiet Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen Royal Society of Edinburgh Econometric Society Real Academia de Ciencias Exactas, Físicas y Naturales |
Maurice René Fréchet (2. september 1878–4. juni 1973) var ein fransk matematikar.
Han vart professor i mekanikk i Poitiers i 1910, og i matematisk analyse i Strasbourg frå 1919. Frå 1928 til 1949 var han professor ved Sorbonne i Paris. Fréchet har hovudsakleg medverka til utviklinga av den generelle eller mengdeteoretiske topologien. Dei samla framstillingane hans finst i boka Les Espaces abstraits (1928). Fréchet arbeidde òg med sannsynsrekning.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Maurice René Fréchet. (2012-01-14) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Maurice_René_Fréchet