Maurice Williams and The Zodiacs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maurice Williams and the Zodiacs
OpphavNashville i Tennessee i USA
Aktiv1957–
SjangerDoo wop
PlateselskapVee Jay Records

Maurice Williams and the Zodiacs var ei USA-amerikansk doo-wop/R&B-vokalgrupp seint i 1950- og tidleg i 1960-åra. Opphavleg kalla dei seg The (Royal) Charms, før dei endra namn til Gladiolas i 1957 og Excellos i 1958. Til slutt slo dei seg til ro med The Zodiacs i 1959.[1]

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Maurice Williams vart fødd 26. april 1938 i Lancaster i Sør-Carolina.[1] Han fekk først erfaring med musikk i kyrkja, der både mora og systera song. Då han var seks år gammal byrja Williams sjølv å syngje der. Med barndomsvenen Earl Gainey, skipa Williams ei gospelgruppe kalla The Junior Harmonizers. Seinare vart rock and roll og doo-wop hovudinteressa deira, og The Junior Harmonizers endra namn til The Royal Charms.

The Royal Charms og The Gladiolas[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til Williams og Gainey, bestod The Royal Charms var Willie Jones (baryton), William Massey (tenor, baryton, trompet), og Norman Wade (bass). Vinteren 1956, medan dei framleis gjekk på vidaregåande skule, drog Williams og bandet hans til Nashville i Tennessee for å spele inn musikk for Excello. På den tida gjekk dei under namnet The Royal Charms, men grunnleggjaren av Excello Records, Ernie Young, overtydde dei til å endre namn til The Gladiolas[2] (på den tida var det minst to andre band som brukte det opphavlege namnet deira).

Songen «Little Darlin'» nådde 11. plassen på R&B-lista i 1957, men nådde ikkje topp 40 på Billboard Hot 100. Då songen vrt spelt av den kanadiske gruppa The Diamonds klatra singelen til andreplassen.

The Zodiacs[endre | endre wikiteksten]

Williams gjorde ferdig skulen og medan han turnerte med bandet, havarerte stasjonsvogna deira i Bluefield i Vest-Virginia). Bandet kom då over ein britisk Ford kalla Zodiac og endra namnet sitt.[2] Kort tid etter vart Henry Gaston erstatta av Earl Gainey.

Våren 1959 spelte Maurice Williams and The Zodiacs på University of South Carolina i Columbia i Sør-Carolina. På denne tida vart bandet oppløyst og kom saman att. Medlemmane var no Williams, Gaston, Wiley Bennett og Charles Thomas. Seinare kom Little Willie Morrow og Albert Hill òg inn i gruppa. Ei månad seinare, tidleg på sommaren 1959, spelte bandet inn ny musikk i Quonset-hytta langs Shakespeare Road i Columbia. Lydteknikar på innspelinga var Homer Fesperman, og dei spelte inn fleire songar som bandet håpte ville bli ein hit. Ein av dei siste songanedei spelte inn var «Stay», ein song som Williams hadde skrive nokre veker tidlegare. Williams song solo og Henry Gaston song motverset i falsett.

Etter å ha teke med seg ein demoversjon av «Stay» til Al Silver i Herald Records i New York City, vart songen trykt og gjeven ut tidleg i 1960. Med ei lengd på eit minutt og 36 sekund er «Stay» den kortaste songen som har nådd toppen av Billboard Hot 100-lista i USA.[3]

Mot slutten av 1963 spelte det britiske bandet The Hollies inn «Stay», som vart den første hitsingelen til bandet på Topp 10 i Storbritannia med ein åttandeplass[4] i januar 1964, tre år etter The Zodiacs sin versjon hadde nådd 14. plassen på den britiske slista (januar 1961). Seinare versjonar av «Stay» av The Four Seasons (1964) og Jackson Browne (1978) nådde Topp 20 i USA, og kvar av dei selde over ein million eksemplar kvar i USA aleine. Då The Zodiacs sin versjon av «Stay» kom med på filmmusikkalbumet til filmen Dirty Dancing i 1987 vart det seld fleire plater med songen enn då han opphavleg kom ut.

Ei innspeling av gruppa i 1965, «May I», kom ut på Vee Jay Records og Dee-Su Records, og vart i løpet av åra ein annan millionseljar..[1]

Seinare liv[endre | endre wikiteksten]

Williams fortsette å spele inn musikk, turnere og gje ut musikk frå 1970- til 1990-åra. Han er framleis aktiv i musikkindustrien og bur i Charlotte i Nord-Carolina. Han vart innlemma i North Carolina Music Hall of Fame i 2010.[5]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Singlar frå 1960: Stay; I Remember; Stay with Maurice Williams and the Zodiacs (6-track EP)
  • 1965 At the Beach
  • 1997 Let This Night Last, produsert av Ron Oates
  • 2000 Back To Basics, produsert og arrangert av Ron Oates

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs (2nd utg.). London: Barrie and Jenkins Ltd. s. 130. ISBN 0-214-20512-6. 
  2. 2,0 2,1 Montague, Joe. «Interview with Maurice Williams». Riveting Riffs. Henta Mar 9, 2015. 
  3. per Casey Kasem on the American Top 40 broadcast for the week ended March 15, 1980: cue sheet Arkivert 2017-03-29 ved Wayback Machine.
  4. Rock File 4 - Chart log of American/British Top 20 Hits 1955-1974, Charlie Gillett & Simon Frith, Panther Books Ltd (1976)
  5. «2010 Inductees». North Carolina Music Hall of Fame. Henta 18. februar 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]