Maurilio De Zolt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maurilio De Zolt


Statsborgarskap Italia
Fødd 29. september 1950 (73 år)
San Pietro di Cadore
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1984, Vinter-OL 1988, Vinter-OL 1980, Ski-VM 1982, Ski-VM 1985, Ski-VM 1987, Ski-VM 1989, Ski-VM 1991, Ski-VM 1993

Utmerkingar

Gullkraven for sportslig fortjenste

Maurilio De Zolt (fødd 29. september 1950) er ein italiensk tidlegare langrennsløpar frå San Pietro di Cadore i provinsen Belluno. Han vart verdsmeister på 50 km i 1987 og tok OL-gull i 4 x 10 km stafett med Italia på Lillehammer i 1994, 43 år gammal. I perioden 1985-94 vann han seks VM-medaljar og tre OL-medaljar, av dei fire på femmil og like mange i stafettevlingar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

De Zolt gjekk sitt fyrste internasjonale langrenn i 1977-sesongen, 26 år gammal. Han vart lagt merke til då han vinteren 1978 kom på tredjeplass i 15 km i Holmenkollen. Gjennom dei neste sesongane gjorde han fleire gode tevlingar, utan å nå heilt opp i tetsjiktet.

Vinteren 1985 slo skeiseteknikken gjennom for fullt i langrennsløypa. De Zolt var då ein av dei som hadde tileigna seg eit brukbart nivå i friteknikk, noko Ski-VM 1985 i Seefeld skulle vise. Den kortvaksne italienaren tok seg fram i VM-løypene med kjappe, karakteriske skyv til bronsemedalje på 15 km, deretter til sølvmedaljar i 4 x 10 km stafett og på 50 km.

Høgdepunktet i langrennsløypa kom for De Zolt på 50-kilometren under Ski-VM 1987 i tyske Oberstdorf, der han for fyrste og siste gong gjekk heilt til topps individuelt i eit internasjonalt renn på toppnivå, 22 sekundar føre den svenske storløparen Thomas Wassberg. Året etter var han sjanselaus mot ein annan svensk stor langrennar, Gunde Svan, då OL-femmila gjekk av stabelen i Canmore ved Calgary, men sikra seg OL-sølv med romsleg margin til tredjemann.

Under verdsmeisterskapen på heimegrunn i Val di Fiemme i 1991 kompletterte De Zolt medaljesamlinga kva gjaldt VM-femmiler. Han tok bronsemedalja på distansen, og sat då i tillegg med femmilsgull frå VM 1987 og femmilssølv frå VM 1985. Eitt år seinare tok han si femte internasjonale femmilsmedalje då han vart andremann etter Bjørn Dæhlie under Vinter-OL 1992 i Albertville.

De Zolt kom femteplass på 30 km då dei olympiske vinterleikane 1994 vart halde på Lillehammer. Han gjekk startetappen for Italia i 4 x 10 km stafett, og saman med Marco Albarello, Giorgio Vanzetta og Silvio Fauner syrgde han for at det vart italiensk gull, like framom dei norske favortittane.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1977: Nr 10 på 30 km i Svenska skidspelen i Falun
  • 1978: Nr 3 på 15 km i Holmenkollen. Nr 17 på 30 km i Lahti-VM
  • 1979: Nr 8 på femmila i Holmenkollen
  • 1980: Nr 7 på femmila i Lahti. Nr 20 på 30 km i Vinter-OL i Lake Placid
  • 1981: Nr 8 på 15 km i Velingrad
  • 1982: Nr 3 på femmila i Lahti. Nr 8 på 50 km i Oslo-VM
  • 1983: Nr 7 på 30 km i Labrador City
  • 1984: Nr 9 på både 15 km og 30 km under Vinter-OL i Sarajevo
  • 1985: Sølv på 50 km, bronse på 15 km og sølv i stafetten under VM i Seefeld
  • 1986: Nr 3 på femmil i Oberstdorf
  • 1987: Gullmedalje på 50 km i VM i Oberstdorf
  • 1988: Sølvmedalje på 50 km i Vinter-OL i Calgary, nr 3 på femmila i Holmenkollen
  • 1989: Nr 7 på 50 km i Lahti-VM
  • 1989/90: Nr 3 på femmil i Canmore
  • 1991: Bronsemedalje på 50 km i VM i Val di Fiemme
  • 1992: Sølvmedalje på 50 km i Vinter-OL i Albertville
  • 1993: Nr 5 på 15 km i Štrbské Pleso. Nr 8 på 30 km i verdsmeisterskapen i Falun
  • 1994: Gullmedalje i 4 x 10 km stafett, og nr 5 på 30 km under Vinter-OL på Lillehammer

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]