Mauritius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Republic of Mauritius
République de Maurice

(norsk: Mauritius, mauritisk)

Det mauritiske flagget Det mauritiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Motherland»
Motto Latin: Stella Clavisque Maris Indici

(Stjerna og nøkkelen til Indiahavet)

Geografisk plassering av Mauritius
Offisielle språk Engelsk, fransk og kreolsk
Hovudstad Port Louis
Styresett
Republikk
Prithvirajsing Roopun
Pravind Jugnauth
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
2 040 km² (172.)
0,05 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
1 356 388 (153.)
664,9 /km² (9.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Storbritannia
12. mars 1968
Nasjonaldag 12. mars
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
24 510 mill. USD (134.)
21 300 USD (66.)
Valuta Mauritisk rupi
Tidssone UTC +4
Telefonkode +230
Toppnivådomene .mu


Mauritius er ein øystat som ligg aust for det afrikanske fastlandet i Indiahavet. Øya ligg rundt 90 mil aust for Madagaskar, og er saman med Réunion og Rodrigues ein del av øygruppa Maskarenane.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mauritius var kjend av arabiske og malayiske sjøfararar allereie rundt 1000. e.Kr., men vart i 1505 oppdaga av portugisarane. Øya hadde sannsynlegvis ingen innfødt busetnad då dei kom. Portugisarane slo seg ikkje ned på øya, men då nederlendarane kom i 1598 vart øya kolonisert, gjeven namnet Mauritius, og ein forsøkte å oppretta fast busetnad. I 1712 tok Frankrike over og gav øya namnet Île de France. Franske kolonistar oppretta plantasjar, særleg sukkerplantasjar, og henta inn slavar til arbeidet frå Madagaskar og Aust-Afrika. Øya var fransk koloni frå 1715 til 1810. Det året okkuperte Storbritannia øya, og Mauritius vart offisielt britisk koloni i 1814. Då slaveriet vart oppheva i 1835, henta britane inn arbeidskraft frå India i staden, noko som gjer at mange av dagens mauritiarar er av indisk opphav.

Den 12. mars 1968 vart Mauritius ein sjølvstendig nasjon innanfor Det britiske samveldet, og Seewoosagur Ramgoolam vart landet sin fyrste statsminister. I 1983 stemte ein over om landet skulle bli ein republikk, men forslaget vart nedstemt. Etter ei grunnlovsendring vart landet ein republikk i 1991, men innanfor samveldet. Veerasamy Ringadoo vart Mauritius sin fyrste president.

Mauritius er i dag eit stabilt demokrati og har ein av Afrika sine høgste BNP pr. innbyggjar. Sukkerproduksjon er ei viktig inntektskjelde. Svært mykje av øya vert framleis brukt til plantasjar av sukkerrøyr, og mykje av den opphavlege skogen som ein gong omgav øya, er hoggen ned. Turisme er ei anna viktig inntektskjelde for landet; Mauritius hadde meir enn 700.000 turistar i 2003.

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Om lag 70 % av innbyggjarane er av indisk opphav, 27 % er kreolar av fransk-indisk eller fransk-afrikansk opphav. I tillegg finst det mindre grupper av europearar, særleg franskmenn, og kinesarar. 51 % av mauritiarane er hinduar, 16,6 % muslimar (hovudsakleg pakistanske innflyttarar), 31,3 % kristne (dei fleste katolikkar) og 0,6 % buddhistar.

Engelsk er det offisielle språket på Mauritius. Dei fleste snakkar eit franskbasert kreolsk heime, og mange snakkar fransk. Avisene og litteraturen på Mauritius kjem ut på både fransk og engelsk.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over Mautitius
Distrikta på Mauritius

Øya Mauritius er delt inn i 9 distrikt:

  1. Black River (Hovudstad: Bambous)
  2. Flacq (Hovudstad: Centre de Flacq)
  3. Grand Port (Hovudstad: Mahébourg)
  4. Moka (Hovudstad: Quartier Militaire)
  5. Pamplemousses (Hovudstad: Triolet)
  6. Plaines Wilhems (Hovudstad: Beau Bassin og Rose Hill, Phoenix)
  7. Port Louis
  8. Rivière du Rempart (Hovudstad: Mapou)
  9. Savanne (Hovudstad: Souillac)

I tillegg kjem øya Rodrigues samt fleire mindre øyar som også er underlagt Mauritius.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Mauritius er ei vulkansk øy. Landet har eit tropisk havklima med forholdsvis høge temperaturar og høg fukt året gjennom. Temperaturane vert derimot aldri så høge at det blir ubehageleg, sjølv om nettene kan vere ganske klamme. Ein har regn i alle månadar, men den våtaste perioden er frå desember til april. I desse månadane kan òg tropiske syklonar treffe øya eller passere nær nok til å gi svært store nedbørsmengder og øydeleggjande vind.

Den sørlege og søraustlege kysten er mest utsett for den søraustlege passatvinden, og får om lag dobbelt så mykje regn som Port Louis (som har ein normal på 1287 mm nedbør i året), og regnet er òg kraftigare i dei høgareliggande områda innanfor. Utanom den våtaste perioden kan ein få ein god del sol med litt lågare temperaturar og kraftig sjøbris.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]