Maurren Maggi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Maurren Maggi

Maurren Maggi2.jpg

Statsborgarskap Brasil
Fødd 25. juni 1976
São Carlos
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

Maurren Higa Maggi (fødd 25. juni 1976) er ein brasiliansk tidlegare friidrettsutøvar frå São Carlos som i 2008 vart olympisk meister i lengdehopp.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Maggi sette personleg rekord med 7,26 meter i Bogotá sommaren 1999, eit rekordhopp som vart ståande som hennar lengste. To månader etter vart ho nummer åtte i lengdetevlinga under verdsmeisterskapen i Sevilla i 1999, før ho to år seinare vart ho nummer sju i Edmonton. I mars 2003 tok Maggi bronsen i lengde ved innandørs-VM i Birmingham. Tre månader seinare vart ho hekta i ei dopingprøve som viste bruk av eit anabolt steroid, noko som førte til at ho vart stengd ute frå friidrett i to år.

I 2006 vann Maggi lengdehopp i den søramerikanske meisterskapen, året etter kom ho på sjetteplassen i øvinga ved VM i Osaka. Tidleg våren 2008 tok ho sølv i innandørs-VM, bakom Naide Gomes. I OL-finalen 22. august 2008 i Beijing smelte Maggi til med 7,04 meter i den fyrste omgangen, eit hopp ingen makta overgå, sjølv om Tatjana Lebedeva var svært nær med sine 7,03 m, den same Lebedeva som åtte år seinare fekk annullert sølvmedaljen. Maggi vann lengdehopp under panamerika-leikane 2011 i Guadalajara.

Maggi var også ein framifrå hekkeløpar og tresteghoppar, øvingar der ho som best presterte 12,71 sekundar og 14,53 meter.

Doping[endre | endre wikiteksten]

Maggi vart dopingdømd sommaren 2003 og fekk ikkje delta i Friidretts-VM 2003 og Sommar-OL 2004.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]