Mauser-rifle M98

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Bruka Mauser M98 på utstilling

Mauser Modell 98 er det mest kjende av alle tyske gevær. Det er ei fem skots repetér-rifle med bolt-sluttstykke og fast innebygd magasin. Det var standardgevær i den tyske hæren i første verdskrigen, så i Reichswehr etter denne, og i karabin-utgåve i andre verdskrigen. Det tyske standardkaliberet var 8x57 mm med tilføyinga IS.

Våpenet vart innført i den tyske hæren i 1898. Ti år seinare kom ei noko kortare utgåve. Mauser-konstruksjonen er svært robust og god, og vart eit førebilete for mange andre. Geværet vart produsert i masseomfang i om lag femti år, og vart bruka over mesta heile verda. Så mykje som 100 millionar eksemplar kan ha vorte produserte. Enno i dag er variantar i bruk, først og fremst som sivile pålitelege jaktgevær.

Dei viktigaste versjonane:

  • G98: Grunnversjonen, produsert frå 1898, tysk standardvåpen under første verdskrigen.
  • K98a: Ein kortare versjon (karabin) som kom i 1908, men som ikkje avløyste den lengre versjonen som standard.
  • K98k: Same lengd som K98a. Vart serieprodusert frå 1935 og innført som standardvåpen i Wehrmacht. Over 12 millionar K98k vart produserte før 1945.

Mauser-gevær vart produserte på lisens i ei rekkje land, blant dei Sverige, Spania, Iran og Chile. Dei skil seg mest i kaliber.

I Noreg vart etterlatne Mauser-karabinar bruka i Hæren og særleg i Heimevernet etter okkupasjonen var over. Desse våpna fekk etter kvart nye løp i kaliber 7,62x63 mm (.30-06), som var det daverande amerikanske standard-kaliberet. Kongsberg Våpenfabrikk laga òg eigne versjonar, som vart bruka som skarpskyttargevær i militæret og som skyttarlagsvåpen. I det siste tilfellet i kaliber 6,5x55 mm.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Først og fremst tysk wikipedia, art. K98k.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]