Mauser HSc

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mauser HSC)
Mauser HSc

Mauser HSc er ein liten sjølvladepistol med bakslagsmekanisme laga i Tyskland frå 1937 til slutten av andre verdskrigen, så vidare i den franske okkupasjonssona og så på 1960-talet og 1970-talet igjen kommersielt av Mauser-fabrikkane. Han har kaliber .32 ACP (7,65 mm Browning).

Han har utvendig hane, sjølvspenna avtrekkjar, magasin med ei enkelt rekkje patronar og fjør rundt løpet. Han konkurrerte med Walther PP og Sauer 38H, og vart liksom dei bruka både av politi og militære.

Dei første som vart produserte har vanlegvis brune treskjefte og hakekross-merking, medan dei som vart laga under fransk okkupasjon er merkte «RW». Dei seinare utgåvene har kommersielle Mauser-merke og er til vanleg heilsvarte, utan treverk.

Den moderne bakslagspistolen HK 4 (Heckler & Koch modell 4) er ein oppfølgjar av Mauser HSc.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Mauser HSc