Max Bennett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Max Bennett
Max Bennett 1976.jpg
Bennett i San Francisco, 1976.
Fødd24. mai 1928 (91 år)
FødestadDes Moines
Død14. september 2018
DødsstadSan Clemente
OpphavUSA
Aktiv1949 til i dag
SjangerJazz
InstrumentBassgitar
PlateselskapBethlehem Records
Verka somBassist, studiomusikar

Max Bennett (fødd 24. mai 1928) er ein amerikansk jazzbassist og studiomusikar.

Bennett voks opp i Kansas City og Oskaloosa i Iowa, og gjekk på college i Iowa. Den første profesjonelle konserten hans var med Herbie Fields i 1949, og etter dette spelte han med Georgie Auld, Terry Gibbs og Charlie Ventura. Han tente i hæren under Koreakrigen frå 1951 til 1953, og spelte så med Stan Kenton før han flytta til Los Angeles. Der spelte han fast ved Lighthouse Cafe med sitt eige ensemble, og spelte bak vokalistar som Peggy Lee, Ella Fitzgerald, Joni Mitchell og Joan Baez gjennom 1970-åra.[1] Han spelte òg med Charlie Mariano, Conte Candoli, Bob Cooper, Bill Holman, Stan Levey, Lou Levy, Coleman Hawkins og Jack Montrose.

Bennett spelte inn musikk med sitt eige namn frå seint i 1950-åra og arbeidde mykje som komponist og studiomusikar i tillegg til å spele jazz. Han har spelt bass på plater med The Monkees og The Partridge Family, og var ein av musikarane som Frank Zappa nytta på Hot Rats.[1] Han spelte òg på seinare Zappa-album som Chunga's Revenge. Studioarbeidet hans omfattar òg bass på Lalo Schifrin sin filmmusikk frå 1969 for filmen Bullitt og Greatest Science Fiction Hits Volumes 1-3 med Neil Norman & His Cosmic Orchestra.

Bennett heldt fram sitt eige band, L.A. Express, med Joe Sample, Larry Carlton og John Guerin, leia av Tom Scott. Etter dette bandet, danna Bennett sitt eige band, Freeway, og i nyare tid Private Reserve.[2]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Som leiar[endre | endre wikiteksten]

  • Max Bennett Quintet (Bethlehem Records, 1955)
  • Max Bennett Sextet (Bethlehem, 1956)
  • Max Bennett Septet, Quartet & Trio (Bethlehem, 1956)
  • Max Bennett with Charlie Mariano (Bethlehem)
  • Interchange (Palo Alto Records, 1987) U.S. Top Contemporary Jazz #13[3]
  • The Drifter (1987) U.S. Top Contemporary Jazz #21[3]
  • Images (TBA Records, 1989)
  • Great Expectations (Chase Music, 1993)
  • Max Is the Factor (Fresh Sound, 2006)

Som sidemann[endre | endre wikiteksten]

Med Howard Roberts

Med Lalo Schifrin

Med Gábor Szabó og Bob Thiele

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Max BennettAllmusic
  2. «Max Bennett». maxbennett.com. 2011. Henta 23 juli 2012. 
  3. 3,0 3,1 Billboard, Allmusic.com