Max Julen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Max Julen

Max Julen (fødd 15. mars 1961) frå Zermatt er ein sveitsisk tidlegare skirennar. Han vann gullmedaljen i storslalåm under OL 1984 i Sarajevo.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Julen var storslalåmspesialist. Han slo gjennom i verdscupen i alpint i januar 1982 då han kom på tredjeplass i eit storslalåmrenn i Adelboden. Under VM i alpint 1982 i Schladming kom han på 13. pass i øvinga. 1983-sesongen kom han fem gongar på andreplass i verdscupen, alle i storslalåm. Samanlagt i verdscupen vart han nummer åtte, medan han i storslalåmcupen kom på delt andreplass med 100 poeng, sju poeng bak vinnaren Phil Mahre frå USA.

12. desember 1983 vann Julen sitt einaste verdscuprenn, storslalåmtevlinga i Les Diablerets. Nokså nøyaktig to månader seinare gjekk han heilt til topps i storslalåm under vinter-OL 1984 i Sarajevo, 23 hundredels sekund framom Jugoslavias Jure Franko.

Sesongen 1985 kom Julen to gonger på tredjeplassen i verdscuprenn, den eine gongen eit kombinasjonsrenn og den andre i storslalåm. Han kom på tiandeplassen i storslalåm under VM 1985 i Bormio. I 1986-sesongen vart han som best nummer seks i verdscupen, då i eit slalåmrenn.

Han la opp som alpinist i 1987, etter elleve pallplasseringar i verdscupen, ti av dei i storslalåm.

Julen driv i dag hotell i heimbyen Zermatt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!