Miksa Hell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Maximilian Hell)
Maximilian Hell
Miksa Hell

Maximilian Hell kledd i samiske klede under opphaldet sitt i Vardø i 1769 for å observere Venus-passasjen
Fødd15. mai 1720(1720-05-15)
Selmecbánya i Kongedømet Ungarn (dagens Banská Štiavnica i Slovakia)
Død14. april 1792 (71 år)
Wien
NasjonalitetUngarsk
OmrådeAstronomi
Yrkeastronom, fysikar, matematikar, pedagog, naturvitar
InstitusjonarUniversitätssternwarte Wien
Alma materUniversitetet i Wien
Ján Francisci-Rimavský Gymnasium
MedlemKungliga Vetenskapsakademien

Miksa Maximilian Hell (15. mai 172014. april 1792) var ein ungarsk[1][2][3][4] astronom og ordinert jesuitt-prest frå Kongedømet Ungarn.

Frå 1755 var han direktør ved observatoriet i Wien og professor ved universitetet i Wien. Etter oppdrag frå Christian VII av Danmark-Noreg reiste han i 1768 saman med János Sajnovics til Vardø for å følgje Venus-passasjen føre solskiva, slik at ein for første gang kunne rekne ut den nøyaktige avstanden mellom sola og jorda. Under reisa vart breiddegraden til mange stader i Norge avgjort ved observasjon av sol og stjerner. Hell bygde observatorium i Vardø og fann lengde- og breiddegraden til staden med stor nøyaktigheit etter metodane på den tida.

Dei viktigaste verka til Hell er Elementa algebrae (1745), Elementa mathematicae (1755), Observatio transitus Veneris (1770), Tabula geographica Ungariae veteris (1801) og Reise nach Wardoe (1835).

Krateret Hellmånen er namnsett etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kragh, Helge (2008). The Moon that Wasn't: The Saga of Venus' Spurious Satellite. Springer. s. 199. ISBN 9783764389086. 
  2. Barry Evans (1992). The Wrong-Way Comet and Other Mysteries of Our solsystemet. Tab Books. s. 192. ISBN 9780830626700. 
  3. Patrick Moore (2000). Exploring the Night Sky with Binoculars. Cambridge University Press. s. 213. ISBN 9780521793902. 
  4. Charles Anthony Federer, Harvard College Observatory (1962). Sky and Telescope. Sky Pub. Corp.,. s. 213.