Maximilian av Mexico

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Maximilian av Mexico
Maximilian of Mexico bw.jpg
Fødd 6. juli 1832
Schönbrunn
Død

19. juni 1867
Santiago de Querétaro

Verv Keisar av Mexico
Periode 1864-1867
Føregjengar Benito Juárez (som president)
Etterfylgjar Benito Juárez (som president)
Maximilian av Mexico på Commons

Ferdinand Maximilian Joseph (6. juli 183219. juni 1867) var fødd som erkehertug av Austerrike og prins av Ungarn og Böhmen. Frå 1864 til 1867 var han keisar av Mexico som Maximilian I.

Maximilian tilhøyrde Habsburg-familien var ein bror av keisar Frans Josef I av Austerrike-Ungarn. Han gjorde karriere i den austerrikske marinen, der han blei rekna som ein dyktig sjøoffiser. I 1857 blei han gift med prinsesse Charlotte av Belgia, dotter av Leopold I av Belgia. Same året blei han utnemnd til visekonge av Lombardia-Venezia. Broren hans avsette han berre to år seinare på grunn av det liberale styret hans. Maximilian trekte seg då tilbake til slottet Miramare, som han fekk bygd ved Trieste.

Første gongen Maximilian fekk tilbodet om å bli keisar av Mexico var i 1859. Monarkistar i landet lengta tilbake til stabiliteten det hadde hatt under europeiske monarki før sjølvstendet i 1821. Dei meinte at han som habsburgar hadde det beste kravet på trona, sidan denne familien hadde styrt landet frå Madrid i 300 år. Etter Den franske intervensjonen i Mexico blei han også beden av keisar Napoleon III av Frankrike om å ta den meksikanske trona. Maximilian tok imot tilbodet etter at ei folkeavstemning halden under det franske militærstyret gav han inntrykket av at det meksikanske folket hadde vald han til leiar.[1][2]

Maximilian som keisar måla av Franz Xaver Winterhalter i 1864.

Maximilian blei krona til keisar den 10. juni 1864. Keisarparet slo seg ned i et slott i Chapultepec i åsane utanfor Mexico by. Sidan dei var barnlause, adopterte dei Agustín de Iturbide, ein soneson av den første keisaren av Mexico, og gjorde han til tronarving. Keisarenn såg seg sjølv som ein vernar for dei fattige bøndene i landet, og forsøkte mellom anna å avskaffa peonaje-systemet, ei form for liveigenskap.[2] Dei liberale haldningane hans gjorde at han heldt fast på jordreforma, religionsfridommen og den utvida røysteretten som var innført under president Juárez. Dette gav han fiendar på høgresida og i den katolske kyrkja, medan han heller ikkje klarte å vinna venstresida til seg. Den folkevalde presidenten Benito Juárez nekta å anerkjenna keisardømet, trass i tilbod om amnesti, og førte ein vedvarande borgarkrig mot Maximilian sine regjeringsstyrkar og dei franske hjelpetroppane hans.

Maximilian gjorde då sin største taktiske feil ved å gje ordre om at alle opprørarar skulle avrettast i det såkalla svarte dekretet den 3. oktober 1865. Ein reknar med at over elleve tusen tilhengjarar av Juárez blei drepne som følgje av dekretet. I staden for å slå ned motstanden, styrkte det berre motstandsrørsla.[3][4]

Avrettinga av Maximiliano I, Miguel Miramón og Tomás Mejía, måla av Édouard Manet.

Keisardømet blei anerkjend av europeiske stormakter som Austerrike, Preussen og Storbritannia,[5] medan USA fortsette å anerkjenna den folkevalde Juárez som statsoverhovud. Maximilian klarte aldri å overvinna dei republikanske styrkane heilt. Etter at den amerikanske borgarkrigen tok slutt i 1865 kunne USA fokusera meir på å hjelpa styrkane til president Juárez. Stillinga til Maximilian blei forverra då franske troppar forlét Mexico i 1866. Han sende Charlotte tilbake til Europa, der ho prøvde å få europeisk støtte, men valde sjølv å ikkje abdisera. Med ein hær på rundt 8000 meksikanske lojalistar forsøkte han å kjempa mot dei republikanske styrkane. Etter ei omleiring av Santiago de Querétaro blei han fanga av republikanarane og stilt for krigsrett. Han blei dømd til døden, og trass bøner om å spara livet hans frå europeiske statsoverhovud og leiande figurar (som Victor Hugo og Giuseppe Garibaldi), blei han avretta ved skyting den 19. juni.

Capilla de Maximiliano de Habsburgo ved Querétaro.
Grava til Maximilian i Kaisergruft i Wien

Liket av Maximilian blei send til Europa året etter, og gravlagd i Habsburg-familiegrava i Wien. På åsen utanfor Querétaro der han blei avretta blei det reist steinrøyser med kross på toppen, og seinare reist minnestøtter. I 1901 blei eit minnekapell reist av Frans Josef I av Austerrike-Ungarn til minne om broren innvigd der.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]