Maxwells demon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Maxwells demon er namnet på eit fysikalsk paradoks skildra av mellom andre James Clerk Maxwell.

Premissar[endre | endre wikiteksten]

Den andre termodynamikklova seier at entropien i eit lukka system aldri kan minke med tida. Om det finst to lukka gassbehaldarar ved same temperatur og ein ventil i mellom, så vil temperaturen bli verande den same.

Sjølvmotseiing[endre | endre wikiteksten]

Vi føresteller oss no ein liten intelligent skapning, kalla Maxwells demon, som kan opne og lukke ventilen. Demonen slepp gjennom dei raske gassmolekyla frå behaldar A til B, og dei langsame frå B til A. Etter tilstrekkeleg lang tid kjem partiklane sine middelhastigheit, og altså temperaturen, til å vere høgare i behaldar B enn A. Dette skulle innebere at den totale entopien har vorte redusert.

Løysinga[endre | endre wikiteksten]

For at Maxwells demon skal vita når det er på tide å opne og stenge ventilen må han ha informasjon om dei innkomande gassmolekyla. Informasjon kan ein sjå på som «negativ entropi». For å få denne informasjonen ville demonen vere tvinga til å interagere med molekyla, til dømes ved å skyte på dei med foton. Denne interaksjonen ville gje ei nettoauke av entopien, og såleis er ein entropiminskande demon umogeleg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]