May-Britt Moser
| May-Britt Moser | |||
| | |||
| Fødd | May-Britt Andreassen 4. januar 1963 Fosnavåg | ||
|---|---|---|---|
| Nasjonalitet | Noreg | ||
| Område | nevrovitskap, gittercelle | ||
| Yrke | nevrovitar, psykolog, forskar, universitetslærar | ||
| Institusjonar | Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet Universitetet i Oslo | ||
| Alma mater | University of Edinburgh Universitetet i Oslo | ||
| Ektefelle | Edvard Moser | ||
| Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi Norges Tekniske Vitenskapsakademi Academia Europaea National Academy of Sciences Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab American Philosophical Society Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina | ||
![]()
Nobelprisen i medisin
2014
May-Britt Moser (fødd 4. januar 1963 i Fosnavåg) er ein norsk psykolog og professor ved NTNU, der ho er leiar for Centre for Neural Computation[1]. I 2014 fekk ho Nobelprisen i medisin saman med eksmannen Edvard Moser og deira faglege mentor John O'Keefe, som starta forskinga dei fekk prisen for.[2] Prisen vart tildelt for deira arbeie på gitterceller i entorhinalkorteks.

Moser har doktorgrad frå Universitetet i Oslo. Ho har særleg bidrege betydeleg innanfor studiet av hippocampus, med særleg vekt på hugset og evna til romleg orientering.
Utdanning og forskning
[endre | endre wikiteksten]May-Britt Moser vart utdanna psykolog frå Universitet i Oslo i 1990. Ho fullførte doktorgraden i nevrofysiologi ved Universitet i Oslo i 1995,[3] med rettleiing frå professor Per Andresen. May-Britt Moser var postdoc ved senteret for nevrovitenskap, Universitet i Edinburgh, Skottland, frå 1994 til 1996. I denne perioden var jobba ho også ved laboratoriet til John O'Keefe ved University College London i to månadar.
May-Britt Moser vart utnemnd til fyrsteamanuens i biologisk psykologi ved NTNU i 1996, og professor i nevrovitenskap i 2000.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Leaders», ntnu.edu. Vitja 6. oktober 2014.
- ↑ The 2014 Nobel Prize in Physiology or Medicine - Press Release Nobelprize.org. Vitja 6. oktober 2014.
- ↑ Moser, M-B. (1995). Structural correlates of spatial learning in the hippocampus of adult rats. Thesis for the degree of Ph.D, University of Oslo (Defended, 9 December 1995)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Publikasjonar av May-Britt Moser i forskningsdokumentasjonssystemet Nasjonalt vitenarkiv (NVA)