May Britt Myhr
Utsjånad
| May Britt Myhr | |||
| | |||
| Fødd | 27. mai 1960 | ||
|---|---|---|---|
| Nasjonalitet | Noreg | ||
| Yrke | kjemikar | ||
| Institusjonar | Noregs geologiske undersøking | ||
| Alma mater | Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet | ||
| Verv | Administrerande direktør ved Noregs geologiske undersøking 2018- | ||
| Føregangar | Morten Smelror | ||
May Britt Myhr (fødd 27. mai 1960) er ein norsk kjemikar og petroleumsforskar.
Myhr er frå Langevåg på Sunnmøre. Ho studerte til ein cand. scient.-grad i analytisk organisk kjemi i Trondheim frå 1980 til 1985. Ho byrja å jobba i SINTEF Petroleumsforskning (dåverande IKU) i 1986, der ho blei forskingsleiar i 2000 og administrerande direktør i 2005.[1] Ho var forskingssjef ved Seksjon for forsking og samlingar ved Naturhistorisk museum i Oslo. I 2015 vart ho instituttleiar ved Institutt for petroleumsteknologi ved Universitetet i Stavanger.[2] Myhr blei tilsett som direktør i Noregs geologiske undersøking frå august 2018, som fyrste kvinne i stillinga.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «May Britt Myhr to be SINTEF’s new head of petroleum research». SINTEF (på engelsk).
- ↑ «Ny instituttleder for petroleumsteknologi - UiS» (på norsk). Arkivert frå originalen 16. juni 2018. Henta 15. juni 2018.
- ↑ «Myhr ny NGU-direktør | Norges geologiske undersøkelse», www.ngu.no, henta 17. januar 2021
- Denne artikkelen bygger på «May Britt Myhr» frå Wikipedia på bokmål, den 17. januar 2021.